søndag 17. januar 2016

Under middels om middelalderen



Eg skal innrømme at ein av mine motivasjonar for å starte denne bloggen var dei mange merkelige og ukorrekte påstandane enkelte av våre skulebøker kjem med, som oftast angåande ting utanfor bokas fagfelt. Av dei fremste døma på det er norskboka vår, Intertekst,  som er full av historiske myter og filosofiske misforståingar. I kapittelet om opplysningstida las eg ein tekst som er ein rein gåvepakke for ein bloggar på jakt etter godt materiale å skrive om, boka påstår nemlig følgande:

«Sjå for deg eit samfunn der religionen ved kyrkja, påstår at han kan forklare alle samfunnsforhold og naturforhold. Folk får ikkje tru på noko som ikkje religionen først har godkjent. […] I eit slikt samfunn finst det ingen krefter som oppfordrar vitskapen til å komme med ny og banebrytande kunnskap, tvert imot blir ny kunnskap sett på med skepsis. […] Dette samfunnet er mellomalderen i Europa»[1]

Her er det med andre ord mykje å gripe tak i. Eg vil byrje med den første påstanden, om at religionen påstod han kunne forklare alle samfunnsforhold og naturforhold. Akkurat kva som inngår i det heller vage utrykket religion kan diskuterast i lange avhandlingar, men det vil vere meir hensiktsmessig å fokusere på kristendommen her (meir spesifikt katolisisme), sidan det er den tekstboka skulda for dette. Ingen av dei kristne doktrinane er fullgode forklaringar på naturforhold, eller gir seg ut for å vere det, i mellomalderen som no. Dei er teologiske, og dermed omhandlar dei ting som er utanfor naturvitskapens fagfelt (meir om dette i ein seinare tekst). Vitskapsmennene i mellomalderen var gjerne opptatt av å finne teologiske mønster i naturen (t.d. symbol på treeininga), noko ein kan seie var ein arv frå antikken, men dei såg aldri på teologien som ein erstatning for naturvitskap eller for den slags skyld politisk filosofi. Dette kan vi sjå hos t.d. Albertus Magnus, mellomalderfilosof og ein av få som har fått tittelen «doktor av den Katolske Kyrkja», som seier: : «In studying nature we have not to inquire how God the Creator may, as He freely wills, use His creatures to work miracles and thereby show forth His power; we have rather to inquire what Nature with its immanent causes can naturally bring to pass.»[2] Med andre ord var ein ikkje opptatt av å bruke Gud eller mirakel som forklaring på ting ein ikkje forstod, ein ville i staden finne ut korleis skaparverket fungerer. Religionen vart dermed ein motivasjon til å utforske verda rundt seg, ettersom det var Guds skaparverk. Dette var òg starten på moderne vitskapleg metode, slik den vart vidareutvikla i renessansen og på 1600-tallet.[3]

Ei anna tolking av påstanden er at kyrkja meinte at Bibelen kunne forklare alt. Heller ikkje det stemmer, noko vi får bekrefta av bibelforfattarane sjølv, t.d. Johannes som i slutten av evangeliet sitt skriv «Det er òg mykje anna som Jesus har gjort. Skulle det skrivast opp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verda kunne romma dei bøkene som då måtte skrivast.» (Joh 21,25). Det er med andre ord ikkje slik at Bibelen utgir seg for å fortelje absolutt alt, den forteljer det den treng å fortelje; Kven Gud er, kven vi er og korleis vi kan komme til Gud.

Kyrkjefaren Augustin, ein av tidenes mest innflytelsesrike teologar og filosofar, skriv rundt år 400 at:
«Usually, even a non-Christian knows something about the earth, the heavens, and the other elements of this world, about the motion and orbit of the stars and even their size and relative positions, about the predictable eclipses of the sun and moon, the cycles of the years and the seasons, about the kinds of animals, shrubs, stones, and so forth, and this knowledge he hold to as being certain from reason and experience.
Now, it is a disgraceful and dangerous thing for an infidel to hear a Christian, presumably giving the meaning of Holy Scripture, talking nonsense on these topics; and we should take all means to prevent such an embarrassing situation, in which people show up vast ignorance in a Christian and laugh it to scorn.»[4]

 Med andre ord kritiserer han kristne som prøver å dra naturvitskaplege slutningar ut i frå bibeltekstane, når dei verken forstår vitskapen eller tekstane. Kyrkja har rettnok til tider føretrukke visse vitskaplege posisjonar, t.d. at jorda var sentrum i solsystemet, men det hindra ikkje Nicolaus Copernicus, som i tillegg til å vere vitskapsmann hadde ein kyrkjeleg posisjon,  i å forske på og publisere sine teoriar om det heliosentriske verdsbiletet. At desse teoriane ikkje kom på eit tidlegare tidspunkt skyldast ikkje den kristne teologien, men ein kombinasjon av at det geosentriske verdsbiletet var meir intuitivt og respekt for greske tenkerar som Platon, Aristoteles og Ptolemaios som alle støtta det geosentriske verdsbiletet.[5]

Kva så med dei neste påstandane? Stemmer det at kyrkja måtte godkjenne alt for at folk skulle tru på det? Og at det difor ikkje kom nemneverdige oppdagingar i mellomalderen? Nei, nok ein gong er mytane ute og går. Kyrkja hadde ingen systematisk sensur av vitskaplege verk, eller vitskapleg arbeid elles. Det var stort sett berre i teologiske spørsmål at kyrkja kunne forby bøker, og Galileo Galilei er truleg den einaste i historia som kyrkja har idømt straff av vitskaplege årsakar, men då òg var det mange andre faktorar.[6]

Dessutan skjedde det rimeleg mange oppdagingar i mellomalderen, t.d. er briller, undertøy, smertestillande medisin, vindmøller, bankar, moderne klokker, kompass og universitet nokre av nyvinningane som kom i denne tida.[7] Mykje av grunnlaget for oppdagingar gjort under den vitskaplege revolusjon vart dessutan lagt i mellomalderen, t.d. vart det vist at det var mogleg for jorda å snurre rundt si eiga akse, utan at vi merkar det, noko som var viktig for Copernicus sine teoriar. [8]  I tillegg vart det i mellomalderen omsett ei rekke vitskaplege og filosofiske verk av arabiske, jødiske og greske forfattarar til latin. Det burde vere sjølvsagt at eit verk som argumenterer for islamsk teologi var imot det kyrkja stod for. Likevel var det nettopp kyrkjas eigne menn som omsette desse verka, som vart aktivt lest og brukt av kristne filosofar.[9]

Det er dette som er mellomalderen i Europa, eller i alle fall litt nærare røynda enn det norskboka påstår. Mellomalderen var ei periode med mykje uro og maktmisbruk, også i kyrkja, men det var ikkje ei kolsvart sovjetepoke styrt av Pave Stalin I. Så får vi håpe norskboka er noko betre i norsk enn i vitskapshistorie.








[1] Intertekst VG2, Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke AS, 1. utgåve 2014, s.196
[2] Albertus Magnus, De vegetabilibus et plantis
[3] http://plato.stanford.edu/entries/scientific-method/#HisRevAriMil
[4] Augustin av Hippo, De genesi ad litteram
[5] http://plato.stanford.edu/entries/copernicus/#2.1
[6] Davidsen, Bjørn Are (2010): Da jorden ble flat. Mytene som ikke ville dø, Luther forlag.
[7] Frugoni, Chiara (2007): Inventions of the Middle Ages, The Folio Society
[8]  Hamman, James (2009): God's Philosophers. How the Medieval World Laid the Foundations of Modern Science
[9] http://historyofphilosophy.net/latin-translations

søndag 10. januar 2016

Kva er Gud?

Som gudstruande må ein forvente å få dette spørsmålet, men det er ikkje nødvendigvis så enkelt å svare på som ein skulle tru. Det er nemlig ganske vanskelig å skulle skildre Gud, rett og slett fordi ein må vere ovanfor noko for å kunne fullt ut forstå det. Hadde Gud vore noko vi kunne forstå med vår avgrensa hjernekapasitet måtte Gud vore avgrensa, noko som bryt med heile det monoteistiske gudskonseptet.  Eg vil likevel prøve å klargjere litt kva vi kristne meiner når vi snakkar om Gud.

Mellomalderfilosofen Anselm av Canterbury sa om Gud i sitt berømte ontologiske argument for Guds eksistens at Gud er «That than which a greater cannot be thought»[1]. Med andre ord: Om du kan sjå for deg noko større enn Gud, så er det ikkje Gud du ser føre deg i utgangspunktet. Gud er ganske enkelt større enn du trur. Dette er ein stor forskjell mellom Gud i kristen, jødisk, muslimsk og aristotelisk forstand (og dei fleste andre formar for monoteisme) og gudane i polyteistiske naturreligionar som norrøn og gresk mytologi. Dei greske og norrøne gudane er ganske menneskelege og ein kan enkelt sjå for seg ein «betre versjon» av Tor eller Poseidon. Den før-sokratiske filosofen Xenophanes kritiserte gresk religion for nettopp å skape gudane i menneskets bilete. Bibelens Gud skapte menneska i sitt bilete (1. mos 1,26).

Ein ting som til tider kan vere enklare og kanskje nyttigare enn å seie kva Gud er, er kva Gud ikkje er. Så, kva er Gud ikkje? Gud er ikkje materiell, underlagt lover (t.d. fysiske, inkl. tid) og er ikkje ein substans. Med andre ord har ikkje Gud ein kropp, han består ikkje av partiklar, blir ikkje påverka av fysiske lover etc. Gud har sjølv skapt både alt fysisk og lovene som styrer det fysiske. Han er ikkje ein del av det skapte, men skaparen, på same måte som at ein musikar aldri kan vere ein tone i musikken han skapar. Gud er i det heile ikkje samanliknbar med noko vi kjenner til frå vårt univers, anna enn i metaforisk forstand. Ein kan difor seie at Gud er ein far, sjølv om han ikkje er ein far i menneskelig forstand. Slike metaforar vil aldri kunne vere perfekte, men vil kunne bidra til å forstå Gud betre.

Kva kan ein då seie om Gud? Då Moses spurde korleis han skulle forklare Gud for Israelittane fekk han svaret  ««Eg er den eg er.» Og han [Gud] sa: «Slik skal du svara israelittane: Eg er har sendt meg til dykk.»» (2. Mos 3,14). Evangelisten Johannes skildrar Gud som ordet ( på gresk logos, som òg kan tyde m.a. fornuft) (Joh 1,1), liv og lys (1. Joh 1,1-5) og kjærleik (1. Joh 4,8). Gud er han som eksisterer framfor alt, all eksistens er til ved han, Gud er den som elskar framfor alt, all kjærleik er til ved han, Gud er den som veit framfor alt, all sanning er til ved han. Gud er evig, uskapt og uforanderlig. Ingenting kan eksistere utan Gud. Når vi seier Gud er allmektig, god og allvitande er det dette vi meiner.

Det er riktignok ein ting til som er særeigent ved den kristne Gud. Han har ein personleg kjærleik for kvart enkelt menneske han har skapt. Så stor kjærleik at han valde å stige ned på jorda inkarnert som menneske og ta på seg straffa til kvar enkelt av oss ved å døy på eit kors, slik at vi skal kunne leve evig med han (Joh 3,16 og resten av bibelen). Men det er eit tema for stort for denne teksten.

Så har eg kanskje laga fleire spørsmål enn eg har besvart i denne teksten; kva vil det eigentleg seie at Gud er allmektig? Kan Gud gjere det som er logisk umogleg?  Styrer Gud alle naturprosessar direkte? Desse spørsmåla vil eg (sannsynlegvis) komme tilbake til i seinare tekstar, så håpar eg at dette har gjort det litt klarare kva eg meiner når eg snakkar om Gud, for det kjem eg til å gjere fleire gongar på denne bloggen.

onsdag 6. januar 2016

Apologia


Eg trør no med spenning inn i blogglivet, i håp om at det kan vere interessant for folk å lese mine tankar, og i håp om at det kan vere nyttig for meg å sette litt meir ord på noko av det eg tenkjer på. Kva eg vil skrive om vil nok vise seg etter kvart, men hovudfokuset vil nok vere på apologetikk, filosofi og teologi, med innslag av diverse refleksjonar.

Eg har vald å kalle bloggen min Apologia, som ikkje betyr det som ein med fyrste augnekast kan tenke. Apologia er eit gresk ord for ei forklaring eller ein slags forsvarstale for noko ein trur eller meiner og er dermed opphavet til ordet apologetikk. Det er mellom anna namnet på ein dialog av Platon, som omhandlar Sokrates sin forsvarstale i retten før han blir dødsdømt. Mange av kyrkjefedrene skreiv også verk med Apologia i tittelen. Det er dessutan ordet apostelen Peter brukar i sitt første brev: «Ver alltid førebudde, så de kan svara for dykk når nokon krev dykk til rekneskap for det håpet de eig.», «kan svara for dykk» er i den greske grunnteksten at «ein alltid skal ha ein Apologia klar» (1.Peter 3,15). Så kan kanskje denne bloggen bli min Apologia for det håpet eg eig.