tirsdag 9. februar 2016

Vil vitskapen gi oss svaret på alt?


CSIRO

Vi likar å tenke på vår eiga tid som den vitskaplege tida når vi finn ut korleis verda verkeleg er. No er det slutt på overtru, med vitskapen kan vi finne den verkelege sanninga. Men kan vi verkeleg det? Kan vitskapen nokon gong lære oss alt?

La meg først presisere litt kva eg her meiner med vitskap, sidan det ikkje finst éin klar definisjon av ordet. Eg meiner i dette tilfelle empirisk vitskap eller naturvitskap slik som (men ikkje avgrensa til) kjemi, fysikk og biologi, sjølv om mykje av det eg kjem til å skrive også kan overførast til andre metodar for å innhente kunnskap. Den empiriske vitskapen baserer seg på sanselege observasjonar vi gjer og det vi kan dedusere frå dette. Ei tru på at vitskap er den einaste måten å komme fram til sanning på kallar ein gjerne scientisme, og er av logiske grunnar (bokstavleg talt) ein lite ønska filosofisk posisjon.

Empirisk vitskap bygger, slik som det meste anna, på visse premiss, føresetnadar som må vere sanne for at empirisk vitskap skal vere sant. Vi må t.d. gå ut ifrå at vi kan stole på våre eigne sansar, at universet følgjer visse faste universelle lover, og at vi i det heile tatt har dei nødvendige føresetnadane for å forstå desse lovene. Om vi ikkje kan stole på våre eigne sansar så er det ikkje mykje vits i drive observasjonar for å finne ut korleis naturen er. Om universets lover forandrar seg frå dag til dag, eller at dei ikkje eksisterer i det heile, er det lite vits i å drive med t.d. fysikk, det vi finn ut no vil jo ikkje stemme seinare. Då vil vi ikkje kunne vite om ein stein fell i bakken i morgon, sjølv om den gjer det i dag. Desse tinga kan kanskje verke sjølvsagte for oss, men det er dei ikkje nødvendigvis. Descartes utforska til dømes tanken om at vi aldri kan vite sikkert om vi ikkje blir lurt av ein vond demon til å alltid ta feil om ting, noko som skapar problem for både den første og tredje premissen, nemleg om vi kan stole på våre eigne sansar og evner til å tileigne oss kunnskap [1]. Den før-sokratiske filosofen Heraklits hevda på si side at verda er under konstant forandring, i ein tilstand av kaos [2], dette bryt med den andre premissen, om at universet følgjer faste lover. Om desse premissa stemmer er ikkje noko vitskapen kan finne ut av, ettersom den er avhengig av dei for å vere sann. Dette tilhøyrar derimot epistemologien, læra om korleis vi kan tileigne oss kunnskap, ei grein av filosofien.

Sett at vi veit at desse premissa er sanne, kan vi då finne ut alt ved empiri? Nei, vi kan berre tileigne oss avgrensa kunnskap ved denne metoden. Det vi kan finne ut er nemlig avhengig av det vi kan sanse. Dermed kan vi innhente kunnskap om naturen, korleis naturprossesar foregår etc. Empirisk vitskap er på mange måtar ei skildring av naturen. Den kan besvare spørsmålet «kva?» og kanskje også "korleis", men aldri spørsmålet «kvifor?». Den kan forklare at når vi slepp ein stein vil den falle mot bakken, men ikkje kvifor. Her vil mange sikkert svare at tyngdekrafta er forklaringa på det. Det er feil, tyngdekrafta er ei skildring av det vi ser, vi kallar det at noko fell mot bakken tyngdekraft, fordi vi observerer eit mønster i at det «alltid» oppfører seg slik (fysikarar har sjølvsagt litt meir sofistikerte skildringar av dette). Kvifor det oppfører seg slik veit vi ikkje, eller i alle fall ikkje ved empirisk vitskap. Det er like lite fysikkens lover som får ein stein til å falle som det er matematikkens lover som gir deg pengar på kontoen.

Så kva kan vitskapen ikkje finne ut? Ganske mykje i grunnen, t.d. kva (om noko) som er objektivt rett og galt (etikk), kvifor noko i det heile eksisterer, om livet har meining, og som nemnt tidlegare, korleis vi kan tileigne oss kunnskap. Å prøve å bruke naturvitskap til å svare på desse spørsmåla er som å prøve å måle din eigen puls ved å sjå i eit teleskop. Du burde ikkje forvente å få eit resultat, og du burde i alle fall ikkje ta den feilslutninga nokre tek, at fordi du ikkje finn din eigen puls i teleskopet så eksisterer den ikkje i det heile. Men, for å sitere Abraham Maslow: «I suppose it is tempting, if the only tool you have is a hammer, to treat everything as if it were a nail.» [1]


Vitskapen er eit fantastisk reiskap til å finne ut meir om verda, men lat det ikkje bli det einaste, då skjerer vi av den greina vi sit på. Vi treng etikken til å fortelje oss om rett og galt, vi treng epistemologien til å fortelje oss korleis vi oppnår kunnskap, vi treng metafysikken til å lære oss om det som ligg bak det fysiske. Så kan kanskje ingen av desse gi oss sikre svar, men det er i alle fall betre enn å ignorere desse spørsmåla, berre fordi vitskapen fungerer så godt til sitt bruk. At du ikkje kan reparere eit vindauge med ein hammar er ikkje fordi vindauget ikkje treng reparasjon, det er du som treng eit anna verkty.






[1] http://plato.stanford.edu/entries/descartes-epistemology/#3.2
[2] http://historyofphilosophy.net/heraclitus
[3] Abraham H. Maslow (1966). The Psychology of Science