søndag 24. april 2016

Høna, egget og Gud

Eg lova jo i førre innlegg å kome med argument for Guds eksistens, så her hiv eg meg utpå det filosofiske territoriet med ein variant av det ein kallar det kosmologiske argument. Med førehald om at dette sannsynlegvis ikkje er den beste forklaringa.

Alle kjenner klisjeen på filosofiske spørsmål: «kva kom først, høna eller egget?» I seg sjølv ikkje eit særleg interessant spørsmål, men det belyser ein interessant problematikk. Vi veit at høner er vaksne kyllingar og at kyllingar blir klekt frå egg som høna legger. Vi er tilsynelatande i ein sirkel her, uansett om vi svarar at høna eller kyllingen kom først vil ein kunne innvende at den eine er årsaken til den andre, og slettes ikkje kan eksistere utan at den andre har eksistert først. Svaret på spørsmålet må dermed vere at noko har eksistert før både høna og egget som gav den første høna eller det første egget eksistens. Men problemet sluttar ikkje der, for kva forårsaka då det som forårsaka den første høna (eller egget)? Dette er grunnlaget for argumentet, som kan skrivast som ei syllogisme slik:

  1. Premiss: Det eksisterer noko betinga
  2. Premiss: Alt som eksisterer betinga krevjar at noko anna eksisterer som er enten betinga eller ubetinga.
  3. Premiss: Ei uendelig rekke med betinga verkelegheiter er umogleg
  4. Konklusjon: Noko ubetinga eksisterer (og dette har eigenskapar vi skildrar hos Gud)

Sjølvsagt må alle premissa forsvarast og ikkje minst forklarast ettersom dei no er skrive nokså tekniske. Først må ordet «betinga» forklarast, og det betyr rett og slett noko som er avhengig av noko anna for å eksistere. Dette kan vere horisontalt, altså noko som kjem før det i tid, eller vertikalt, altså noko som opprettheld dets eksistens, som t.d. elementærpartiklar. Premiss 2 er dermed eigentleg berre ein definisjon. At noko slikt eksisterer burde vere rimelig ukontroversielt. Som vi såg er  høner og egg betinga, både av sine fugleforeldre og av partiklane dei består av. Eit anna døme som illustrerer det godt er rørsle eller meir generelt endring. Alle endringar som skjer har ein årsak og er dermed betinga. Sjå til dømes for deg at du ser ei togvogn som køyrer av garde på eit togspor. Ei togvogn kan ikkje køyre av garde av seg sjølv, den må bli trekt av noko. Togvogna er slikt ei godt døme på noko betinga.

Men kva blir togvogna trekt av? Ei anna togvogn? Men den togvogna kan heller ikkje trekkje seg sjølv. Er den trekt av ei anna togvogn som er trekt av ei anna togvogn som er trekt av ei anna togvogn…? slik kan ein fortsette i det uendelege, men uansett kor mange togvogner du legg til i forklaringa di har du fortsatt ikkje løyst korleis den «fremste» togvogna rører seg og dermed heller ikkje korleis nokon av dei andre togvognene som den trekker rører seg. Dette er tredje premissen, det er umogleg med ei uendeleg rekke med betinga verkelegheitar. Vi forstår då at togvognene våre må vere trekt av eit lokomotiv (lokomotiv er sjølvsagt også betinga i røynda, men la oss late som dei er ubetinga for metaforen sin del). Dette er konklusjonen: noko ubetinga eksisterer.

Kva kan vi så vite om dette ubetinga? Er det ein eller mange, fysisk eller ikkje-fysisk? Dersom det er fleire ulike ubetinga verkelegheiter, må det vere noko som skiljer dei frå kvarandre, elles er det jo berre éi. Men då er dei ikkje lenger ubetinga, ettersom dei er betinga av det som skil dei frå kvarandre. Difor kan det berre vere éi ubetinga verkelegheit. På same måte kan ikkje denne verkelegheita vere avgrensa av tid eller rom og må derfor vere evig og ikkje-fysisk. Denne eine verkelegheita er då årsaka til alle andre verkelegheiter, noko som betyr at den må ha makt til å frambringe desse. Det betyr også at den ikkje er avgrensa av noko som helst anna enn seg sjølv og at den er altomfattande.

Dersom dette aller mest grunnleggande er upersonleg så har den heller ingen vilje til å skape på ein måte framfor ein anna måte. Det betyr at alt den skaper må vere nødvendig, noko som betyr at alt som eksisterer må eksistere. I så fall ville det bety at universet alltid har eksistert (og alltid vil eksistere), noko som av både vitskaplege og filosofiske grunnar ikkje er god grunn til å tru. Her kan ein t.d. nemne Big Bang, termodynamikkens andre lov (som seier at når energi blir omdanna frå ei høgare form til ei lågare kan det ikkje gå tilbake igjen, det fører til at etter uendeleg lang tid vil det ikkje lenger vere meir høgenergi igjen), og dessutan at viss universet hadde eksistert i uendelig lang tid ville vi aldri nådd fram til i dag ettersom ein aldri kan nå frå uendeleg fram til eit tal ved å addere. I tillegg kan ein sjå om vårt univers er slik ein bør forvente av eit personleg eller upersonleg opphav. Eksistensen av bevisst og rasjonelt liv kan tydelig peike mot eit personleg opphav, medan vi ikkje kunne forventa det av eit upersonleg opphav. Men det er eit tema eg skal gå i djupna på seinare.


For å oppsummere kan vi vite at noko ubetinga eksisterer berre gjennom å vite at noko betinga eksisterer. Vi ser at det ubetinga er éin, uavgrensa, evig, altomfattande og ufatteleg mektig. Vi har òg sett at dette mest sannsynleg må vere personleg. Frå dette kan ein òg resonnere seg fram til eigenskapar som allvetande og god. Dette minner mistenkeleg mykje om Gud. Det interessante med det dette argumentet er at om du nektar for at det ubetinga er Gud må du enten finne ei anna forklaring eller vise at argumentet i seg sjølv er ugyldig. Det er altså ikkje nok å seie seg ueinig i konklusjonen, men det må òg begrunnast godt. Fleire grunnar til at Gud må vere svaret kjem seinare.