fredag 20. mai 2016

Kan eksistensen av liv bevise Gud?



Eg fortsettar med mine særs korte innføringar i nokre gode argument for Guds eksistens, her med det såkalla fininnstillingsargumentet. Dette argumentet baserer seg i stor grad på vitskaplege observasjonar, og det å gjere research til dette innlegget skapte litt hovudbry ettersom eg måtte lese mykje om fysikk som i grunnen ikkje er mitt ekspertområde. Forhåpentlegvis klarer eg likevel å utrykke det forståeleg og presist.

File:Cluster MACS J0717.5+3745.jpg
ESA/Hubble, NASA and H. Ebeling.
Har du nokon gong tenkt over korleis universet hadde vore om nokon av naturlovene var litt ulike? Om gravitasjonskrafta var litt sterkare t.d. Kva hadde skjedd då? Då hadde vi kanskje ikkje hatt fuglar eller sjiraffar, kan ein fort tenke. Det stemmer for så vidt, men konsekvensane er langt større enn som så. Sjølv ei ørlita endring i nokre av parametrane som utgjer det vi kallar fundamentalkonstantane, ville fått fatale konsekvensar og mest sannsynleg utellukka all moglegheit for liv. Vi seier at naturlovene er fininnstilte, dei har akkurat dei verdiane som trengst for at liv kan eksistere. Det er stor einigheit blant fysikarar om at vårt univers er fininstilt for liv, uavhengig av deira religiøse standpunkt. T.d. seier den kjente ateistiske kosmologen Stephen Hawking:

Most of the fundamental constants in our theories appear fine-tuned in the sense that if they were altered by only modest amounts, the universe would be qualitatively different, and in many cases unsuitable for the development of life. […] The emergence of the complex structures capable of supporting intelligent observers seems to be very fragile. The laws of nature form a system that is extremely fine-tuned, and very little in physical law can be altered without destroying the possibility of the development of life as we know it.”[1]

For å forstå dette litt betre kan vi sjå på nokre dømer. Ein av fundamentalpartiklane, nedkvarken, som er ein del av alle atom, har ei masse på 8.6*10^-27 g. Dersom denne var  2.6*10^-26 g eller meir ville ein kun hatt eitt grunnstoff og ingen kjemiske samansetningar.[2] Det er ei endring på berre 1.74*10^-26 g eller 0.0000000000000000000000000174g, om du vil. Om du endrar på oppkvarken med berre 1.99*10^26 g ville ingen atom kunne eksistere i det heile. [3] Den kosmologiske konstanten, som enkelt forklart bestemmer kor fort universet utvidar seg, kan ikkje variere med meir enn 1*10^-53 om liv skal vere mogleg.[4] Ei lita forandring av den kosmologiske konstanten ville ført til at det enten ikkje eksisterte energikjelder (som stjerner) eller at universet ville kollapse raskt etter det oppstod. Karbon og oksygen er svært viktig for at liv kan eksistere. Om du endrar kjernekrafta med 0.4% vil det det enten nesten ikkje eksistere karbon eller nesten ikkje eksistere oksygen.[5] Stjerner er viktige både som energikjelde og fordi dei produserer dei nødvendige grunnstoffa for liv t.d. karbon og oksygen. I følgje fysikaren Lee Smolin er sjansen for at det i det heile eksisterer stjerner i eit univers 1*10^-229  .[6]


Noko så usansynleg krevjar ei forklaring, det er det liten tvil om. Fysikaren Leonard Susskind seier at «This specialness is not something that we can attribute to lucky accidents, which is far too unlikely. The apparent coincidences cry out for an explanation.»[7] Enkelte hevdar likevel at det ikkje krevjer ei forklaring, fordi naturlovene må vere fininnstilte for at vi skal kunne observere dei. Altså er det ingen grunn til å vere overraska over at dei er fininnstilte. Denne innvendinga kan ein svare på med ein velkjent analogi av filosofen John Leslie: Sjå for deg at står framfor ei gruppe med 50 skarpskyttarar som skal henrette deg. Dei skyter, men alle saman bommar. Du kan jo då tenke «Viss dei hadde treft hadde eg ikkje kunne tenkt på det, så eg er ikkje overraska over at dei bomma», men det ser jo likevel ut til at det trengst ei forklaring. Kvifor bomma alle desse spesialtrena skyttarane? Vart dei kanskje einige på førehand om å bomme med vilje?

Éin respons er at det  kanskje kunne eksistert andre former for liv i andre univers, t.d. liv som ikkje er karbonbasert. No er det for det første lite forsking som tyder på at det er tilfellet, men det kan potensielt komme etter kvart. Det som er eit større problem med denne innvendinga er at mange av dei fininnstilte konstantane ikkje berre gjer karbonbasert liv umogleg, men gjer komplekse molekyl umogleg og dermed utelukkar moglegheita for metabolisme eller liknande prosessar som er nødvendig for at organismar skal kunne ta til seg energi. Utan slike prosessar er alle tenkelege (og utenkelege) former for liv umogleg.

Ein meir populær teori er multiversteorien, som finst i mange variantar. Dei fleste av desse teoriane går ut på at vi lever i eit multivers med mange «underunivers» der dei nemnde konstantane varierer frå univers til univers. Det er viktig å påpeike at dette er ein teori som ikkje baserer seg på empiriske observasjonar, men er høgst spekulativ. Vi vil dessutan aldri kunne nå desse andre universa om dei eksisterer, men det er teoretisk mogleg å finne indirekte bevis (eller i det minste indikasjonar) for at vi lever i eit slikt multivers. Viss multiverset er tilfellet aukar det i alle fall sjansen for at eit univers med liv kan eksistere betydelig. Teorien har likevel klare svakheitar. For sjølv om det er slik at det finst svært mange univers med ulike verdiar for konstantane, så er det likevel bakanforliggande lover som tilet at så mange univers eksisterer og tilet at konstantane kan variere tilstrekkelig. Med andre ord: lovene som gjer at tilstrekkelig mange univers blir generert og at desse er dekker skalaen av moglegheiter ser ut til å i seg sjølv vere fininnstilt. I så fall har ein berre flytta problemet eitt hakk bakover. I tillegg må ein sjå på om vårt univers er slik ein kunne forvente at eit univers med bevisst liv er dersom det blir tilfeldig generert. Alt tyder på det motsette. Vårt univers er utruleg komplekst og svært stort, sannsynlegheita for eit lite univers, kanskje berre på størrelse med vårt eiga solsystem er langt større. Fysikaren Roger Penrose har berekna sannsynet for at vårt solsystem, med alt liv, skulle spontant oppstå av kollisjonar mellom atom og stråling til 1*10^-10^10^60 medan sannsynet for at vårt univers skulle oppstå med så gunstige initialbetingelsar som ved Big Bang er berekna til 1*10^-(10)^10^123  , altså ekstremt mykje lågare.[8]

Alt vi har sett til no er naturalistiske forsøk på å forklare fininstilling. Naturalisme er altså den filosofiske retninga som seier at ingenting eksisterer utanom naturen som eit lukka system, m.a.o. den vanligaste forma for ateisme. Og som vi har sett er det vanskelig å komme med ei god løysing på dette problemet frå eit naturalistisk synspunkt. På den andre sida så går vårt fininnstilte univers svært godt overens med teisme. Dersom det står ein skapargud bak universet er det heilt logisk at han har skapt universet på ein slik måte at bevisst liv kan eksistere der. Sagt på ein litt meir teknisk måte, med utgangspunkt i bayesiansk sannsyn, så er eit univers med liv gitt naturalisme ekstremt usannsynleg medan eit univers med liv gitt teisme er særs sannsynleg. Når vi då veit at vi er i eit univers med liv, styrkar det hypotesen om teisme. Ein kan forklare dette gjennom ein analogi: Ein har hundre lappar i ei kasse. Ein person seier at 99 av dei er blå medan 1 er raud. Ein annan seier at 99 er raude og 1 er blå. Du trekk ein raud lapp frå kassa. Medan begge to kan ha rett er det meir sannsynleg at den andre har rett basert på den eine lappen du trakk. På same måte er det med naturalisme og teisme i fininnstillingsargumentet: begge er moglege, men dei dataa vi har kan best forklarast teistisk. Berre at i dette tilfellet er det meir enn 100 lappar i kassa.

Om du er interessert i å vite litt meir om universets fininnstilling og korleis det kan forklarast har kosmolog Luke Barnes ein lett underhaldande gjennomgang i dette foredraget (i 5 delar): https://www.youtube.com/watch?v=XT_qDaVJ8mU






[1] Hawking, S. & Mlodinow, L. (2010) The grand design. New York: Bantam Books

[2] Barnes, L. (2015), The Fine-Tuning of Nature’s Laws, The New Atlantis, 47, 87–97. Henta frå: http://www.thenewatlantis.com/publications/the-fine-tuning-of-natures-laws
[3] Ibid.
[4] Ratzsch, Del & Koperski, Jeffrey (2015), Teleological Arguments for God's Existence. I: The Stanford Encyclopedia of Philosophy (Spring 2016 Edition), Henta frå: http://plato.stanford.edu/archives/spr2016/entries/teleological-arguments
[5] Ibid.
[6] Ibid.
[7] Barnes, L. (2012, 2. mai). In defence of the fine-tuning of the Universe for intelligent life. [blogginnlegg] henta frå: https://letterstonature.wordpress.com/2012/05/02/in-defence-of-the-fine-tuning-of-the-universe-for-intelligent-life/
[8] Søvik, A. O. & Davidsen, B. A. (2014). Eksisterer Gud? Oslo: Cappelen Damm AS