fredag 23. september 2016

Det vanskelege religionsomgrepet

Religion. Eit ord alle trur dei veit kva betyr, men ingen klarar å forklare. Sjølv om omgrepet nok har noko for seg, trur eg det er fleire problem med måten det blir brukt på i det daglige.

Det opplagte problemet er jo at det er så vanskeleg å definere. Kan vi definere religion berre utifrå innhald? Då vil vi nok streve med å finne eit innhald som er felles for alt det vi til dagleg tenker på som religion, utan også å omfatte ting vi ikkje kan kalle religion. Kan vi definere det utifrå funksjon? Det vil i så fall fort bli ein litt tom definisjon som i grunnen kan romme mykje forskjellig. Dei beste definisjonane vil kanskje prøve å kombinere dei på eit eller anna vis, men ein perfekt definisjon må vi nok sjå langt etter.

Noko eg ser på som eit større problem er at mange ser ut til å bruke religion som ein homogen størrelse. Med andre ord behandlar ein religionar som om dei er nokolunde like fenomen. Særleg er dette tydelig i religionskritikk, som ofte snakkar om «ekstrem religiøsitet» som noko som vil ha like konsekvensar uansett kva religion du tilhøyrar. Men det er ganske stor forskjell på å vere sterkt overtydd om at verda går under om ein ikkje ofrar menneskjer og at ein er forplikta til å elske sin neste. Når kristne ikkje drep ikkje-truande er det ikkje fordi dei har eit liberalt forhold til Bibelen, eller ser på trua si som sekundær. Det er fordi det ikkje er i tråd med klassisk kristen tru. Sjølv om ikkje alle kristne i historia har fått med seg det. 

Det å snakke om meir og mindre religion er litt som å snakke om meir og mindre politikk. Kva konsekvensar det får er heilt avhengig av kva slags politikk det er snakk om. Det er ganske stor forskjell på meir fascisme og meir sosialdemokrati. På same måte er det store forskjellar på meir zen-buddhisme, meir luthersk kristendom og meir salafisme. Ein pinsevenn vil neppe støtte Sharia-lovar, uansett kor sterk tru han har. Kanskje heller tvert i mot.

Eit siste problem, som truleg blir tenkt lite over, er at religionsomgrepet kan skape eit kunstig skarpt skilje mellom religiøse og ikkje-religiøse. Det er ikkje nødvendigvis slik at ein kristen og ein shintoist har meir til felles enn ein kristen og ein ateist. Enten det gjeld verdssyn, levemåte eller etikk. For romarane var kristendommen så forskjellig frå den romerske religionen (særleg sidan dei ikkje dreiv ofring) at kristne vart kalla ateistar. Det herskar framleis usemje om kor vidt Buddhisme er ein religion eller «berre» eit livssyn. Når livssyn er noko alle har, og det finst minst like store forskjellar mellom forskjellige religiøse livssyn som mellom religiøse og ikkje-religiøse livssyn, så er det kanskje kunstig å gruppere dei slik i det heile? I alle fall når ein ikkje har ein klare definisjon på kva som er eit religiøst livssyn.


Religion er eit omgrep som blir brukt omtrent slik brukaren sjølv ønskjer. Det kan vere eit problem når ein ønskjer konstruktiv diskusjon mellom folk med ulike livssyn. For religionskritikarar kan religion bli eit negativt samleomgrep for alle dei er ueinige i. For visse nyreligiøse retningar kan det brukast for å framstille ulike livssyn som likare enn dei er. Religionsomgrepet kjem ikkje til å forsvinne med det første, men lat oss i det minste vere observante på desse svakheitene det har.