torsdag 6. april 2017

Svar på spørsmål frå Grill ein kristen

Som ein del av skepsisveka ved Volda Vgs arrangerte vi grill ein kristen. Sidan det kom inn så mange spørsmål fekk vi ikkje tid til å besvare alle spørsmåla på berre 40 minutts tid. Difor vil eg prøve å besvare kort ein del av spørsmåla som kom inn her.

Om Gud skapte verda, kven skapte Gud?
Dette må vel seiast å vere ei klassisk innvending. Svaret er riktig nok ganske enkelt: Gud er ikkje skapt. Gud har eksistert til evig tid, i motsetning til verda, som har ein start. Dermed treng ikkje Gud å ha nokon skapar. Tvert om er ein av definisjonane på Gud at han er det mest grunnleggande som eksisterer, med andre ord er han ikkje avhengig av noko anna for å eksistere. Og då er vi inne på eit argument for Guds eksistens kalla det kosmologiske argument, som eg har skrive meir om her: http://polykarpapologia.blogspot.no/2016/04/hna-egget-og-gud.html

Kvifor trur du på Gud når einaste «beviset» er ei gammal bok?
Ganske enkelt trur eg ikkje at Bibelen er det einaste beviset for at Gud eksisterer. Då ville ein fort hamna i ein sirkelargumentasjon der ein trur på Bibelen fordi den er Guds ord og trur på Gud fordi det står i Bibelen. Så dum er verken eg eller dei fleste andre kristne. Eg trur derimot at der finst ei rekke gode grunnar til å tru på Gud som vi kan komme fram til ved hjelp av observasjonar av verda og bruk av logikk. Ein av desse grunnane står det om i innlegget ovanfor. For ei litt djupare forklaring på korleis ein kan bevise Gud, sjå her: http://polykarpapologia.blogspot.no/2016/03/kan-gud-bevisast.html

Kvifor trur du på det som står i Bibelen?
 Dette spørsmålet må nok svarast i to delar. Det første er grunnen til at eg trur på det som står i Bibelen. Grunnen til det er ganske enkelt at eg trur Jesus er Guds son, noko som kan argumenterast for historisk (sjå her: http://polykarpapologia.blogspot.no/2016/07/stod-jesus-opp-fra-dei-dydde-del-1.html). Vi veit at Evangelia og breva er gode historiske kjelder om Jesu liv, dei beste vi har, og det i seg sjølv forsvarar å tru på mesteparten av innhaldet i dei. I tillegg er dei skrive av disiplane til Jesus eller deira disiplar, noko som gjer at vi kan stole på at innhaldet er i tråd med Jesu lære. Når det gjeld det gamle testamentet er det noko meir usikkert sett frå eit historisk perspektiv. Men vi veit at Jesus og disiplane hans brukte desse skriftene som sine heilage skrifter, og dermed kan vi som kristne i dag også gjere det.
Så er spørsmålet, kva vil det seie å tru på Bibelen? Eg trur på Bibelen som Guds ord til menneska, det betyr at den har ein viktig bodskap om Gud og oss. Det betyr derimot ikkje at Bibelen alltid er bokstavleg sann. Den kan t.d. bruke overdrivingar eller forenklingar for å få fram bodskapet, og den inneheld mange sjangrar, deriblant poesi. Med andre ord trur eg at det teologiske innhaldet i Bibelen er sann, men ikkje at den er ei naturfagsbok eller for den saks skuld ei historiebok, og den er dermed ikkje nødvendigvis bokstavleg sann i den type spørsmål.

Då Gud skapte jorda skapte han alle dyra og Adam og Eva.  Men kva med dinosaurane? Vi har jo funne bein og skjellet, så kvifor utelet Bibelen dinosaurane?
Dette heng saman med det førre spørsmålet. Bibelen utgjev seg aldri for å vere ei komplett naturfagsbok, eller ei naturfagsbok i det heile. Ein kunne like gjerne spør kvifor Bibelen aldri nemner dovendyr eller svarte kaimanar. Om Bibelen skulle ramsa opp alle levande skapningar på Jorda gjennom alle tider ville det vore liten plass til å fortelje om Gud, menneske og frelse. Dessutan fanst ikkje ordet dinosaur før på 1800-tallet, fleire tusen år etter Bibelen vart skriven. I tillegg er skapingsforteljinga skriven på ein slik måte at ein neppe bør oppfatte den som eit forsøk på ei vitskapleg tekst. Den har mange poetiske kjenneteikn, og dermed bør ein kanskje fokusere på bodskapen i teksten, som er å vise kor mektig Gud er og at han har skapt alt.

Korleis har det seg at Eva berre fekk søner? Korleis fekk dei då etterkomarar?
Det er fleire måtar å forstå desse kappittela i første mosebok på, men det verkar tydeleg at Adam og Eva  og deira søner ikkje var dei einaste menneska på jorda. Kain (sonen av Adam og Eva) reiser til dømes lengre nord og får barn med ei dame der. Det kan også nemnast at i følgje 1. mos 5,4 fekk Adam både søner og døtrer, men det er for så vidt ikkje poenget. Adam og Eva var kort sagt ikkje dei einaste menneska på jorda. Dei kan likevel ha vore dei første, eller dei kan vere eit utvalt par frå ei gruppe av dei første menneska, eller dei kan ha ein meir symbolsk betydning (ettersom namna på hebraisk tyder menneske og kvinne). Dette er det som sagt mange ulike syn på.

Folk har jo latt seg drepe i alle kulturar/religionar for det dei trur på, kvifor er dette annleis i kristendommen?
Dette kom truleg som ein respons på noko som vart sagt i salen, men den konteksten har vi dessverre ikkje lenger. Eg trur likevel at dette er eit spørsmål om kvifor det at disiplane lot seg drepe for trua på Jesu oppstode aukar sannsynet for at det er sant. Det stemmer for så vidt at folk har latt seg drepe for veldig mykje ulikt. Det som er spesielt med disiplane til Jesus er at dei lot seg drepe for noko dei sjølv visste om var sant eller ikkje. Med andre ord, dersom disiplane dikta opp at Jesus stod opp frå dei døde, så ville det vore veldig rart å vere villig til å døy for det. Mange er villige til å døy for ei løgn dei trur på – ingen vil døy for ei løgn dei sjølv veit ikkje er sann. Dermed kan vi vere ganske sikre på at dei ikkje dikta det opp. Då må der vere ei anna forklaring. Les meir om det her: (http://polykarpapologia.blogspot.no/2016/08/stod-jesus-opp-fra-dei-dde-del-2.html)

Kvifor feira vi Jesu fødsel i desember når forskarar har funne ut at han vart fødd om sommaren?
Forskarar har ikkje funne ut at Jesus var fødd om sommaren, datoen for Jesu fødsel er ukjend. Dateringa av Jesu fødsel til 25. desember har røtter tilbake til 100-tallet. I følgje jødisk tradisjon var dødsdatoen og unnfangelsesdatoen for profetar den same, og ettersom ein meinte Jesus døde 25. mars, så må han ha blitt unnfanga 25. mars og fødd ni månadar seinare, 25. desember. Forøvrig kan det nemnast at det i nyare tid har blitt ei populær oppfatning at dateringa av Jesu fødsel heng saman med hedenske høgtider på same tid, men som Bjørn Are Davidsen skriv på sin blogg er det tvilsamt: http://dekodet.blogspot.no/2016/12/frste-juledag-er-ikke-vintersolverv.html

Kvifor finst det ikkje nyare mirakel eller hendingar der Gud har vist seg og prata til folk eller fe?
Der finst meir enn nok av folk i verda som hevdar dei har opplevd mirakel, truleg har mange av dei naturlege forklaringar, men eg vil likevel ikkje utelukke umiddelbart at det finst dømer på mirakel i nyare tid. Samtidig kan Gud ha gode grunnar til å ikkje utføre mirakel heile tida og overalt. Då ville verda vore ganske ulik slik den er, den ville blitt meir kaotisk og uforutsigbar. I ei slik verd er det vanskeleg å sjå for seg at ein kunne drive naturvitskap på ein nyttig måte, fordi det ville vore vanskeleg å finne naturlovar basert på mønster i våre observasjonar om Gud stadig skulle gripe inn og «overstyre» naturlovene. Ein anna grunn kan vere at dersom Gud skulle vist seg veldig tydeleg fram ville vi kanskje bli redd for han, i staden for å ha ein kjærleg relasjon til han.

Jesus døde for å påta seg vår straff, korleis kan ein person si straff sonast av ein annan? Kva er poenget med å straffe nokon i det heile tatt, vist det ikkje er same individet som begikk forbrytelsen?
Dette er eit veldig godt spørsmål, som eg dessverre ikkje har tid til å gi eit fullgodt svar på. Men noko som kanskje likevel kan hjelpe til med å forstå seg på korleis Jesu kunne sone for oss er å bruke nokre andre bileter. Tenk deg at du låner bilen til faren din, og så køyrer du for fort, og kræsjar slik at bilen blir øydelagd, men du er heldig og overlever. Du har sjølvsagt ikkje råd til å betale tilbake det bilen kosta, og forsikringa dekker det ikkje, sidan du køyrde for fort.  Men faren din tilgjev deg, og seier du slepp å betale tilbake, og han kjøpar ein ny bil for eigne pengar. Som du sikkert har skjønt er dette ein allegori på Gud og menneska. «du-et» representerer heile menneskeheita, bilen representerer Guds skaparverk (inkludert oss sjølve) og faren er Gud. Alle menneske har «øydelagd» noko av skaparverket, og det er ingenting vi kan gjere for å betale tilbake til Gud. Men då har Gud, inkarnert gjennom Jesus, betalt tilbake for oss. Det er langt meir å seie om dette, men håpar det er litt meir forståeleg no.


Meiner de ein skal følgje bibelen ordrett? «Når ein mann ligg med ei kvinne som har menstruasjon, kler han henne naken og blottar kjelda hennar, og ho har sjølv blotta blodkjelda si. Dei skal begge støytast ut frå folket sitt.» (3.mos 20,18) Korleis vel de å tolke dette?
Kristne er ikkje forplikta til å følgje moselova, som dette er henta frå. Det kan vi lese tydelig hos Paulus til dømes. «De som vil bli rettferdige ved lova, er skilde frå Kristus; de er falne ut av nåden.  5 Men vi ventar i Anden, ved tru, på den rettferda som er vår von.  6 For i Kristus Jesus gjeld det verken å vera omskoren eller å vera uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.» (Gal 5,4-6). Omskjering høyrer også til i moselova, og Paulus er svært tydelig på at dette ikkje er ein regel kristne skal følgje.

Innanfor med pornografi som kristen?
Eg meiner det ikkje er innanfor med pornografi uansett livssyn. Det er det fleire grunnar til. Det er litt delte meiningar i forskningsmiljøet om dei psyksiske effektane av porno, men «En gjennomgang av forskning tyder på at pornografi kan øke risiko for voldsunderstøttende holdninger og seksuell aggresjon for en liten gruppe menn» i følgje ein artikkel i Tidsskrift for Norsk Psykologforening. Sjølv om dette kanskje berre gjeld ei lita gruppe menn, er det framleis ein risiko ein burde unngå. I tillegg representerer porno mange negative haldningar, som objektifisering av kvinner og aksept for seksuelt press. Pornoindustrien er svært kynisk, og har også delvis band til menneskehandel.


Det var alle spørsmåla eg rakk å svare på i denne omgang, men om du fortsatt sit med eit ubesvart spørsmål, eller ønskjer eit lengre svar er det berre å ta kontakt.