fredag 15. juni 2018

Problemet med moderne etikk - og eit alternativ



Sjå for deg at naturvitskapen får skulda for ei stor katastrofe. Verdas regjeringar gjer det dei kan for å kvitte seg med vitskapen. Vitskapsmenn blir forfølgde, bøker brent, utstyr øydelagd. Mange år seinare prøvar nokon å rekonstruere vitskapen, men no har dei berre fragment igjen – utstyr dei ikkje veit korleis dei skal bruke, ord dei ikkje skjønar tydinga av. Det dei endar opp med å drive med, sjølv om dei brukar vitskapleg utstyr og vitskaplege ord, er slett ikkje vitskap i det heile. Det verkar nok som eit fjernt scenario, men akkurat dette er det som har skjedd med moralfilosofien.

Dette er ei oppsummering av innleiinga til After Virtue av Alasdair MacIntyre, ein av dei største nolevande moralfilosofane. Eg kan ikkje i denne teksten forklare heile hans teori, då må de nesten lese boka hans, som eg sterkt anbefaler, men eg vil prøve å påpeike nokre element som gjer at moderne måtar å tenke om moral på ikkje er tilfredsstillande, og ein alternativ måte å tenke om det på.

C.S. Lewis skildrar i Mere Christianity etikken som tredelt. Den første delen er den som handlar om korleis vi oppfører oss mot kvarandre, den relasjonelle delen. Den andre handlar om korleis vi behandlar oss sjølv, den interne delen. Og den tredje delen handlar om kva målet med handlingane våre er. I moderne tenking ser vi ofte at kun den første blir tatt stilling til, illustrert med påstandar som «Du kan gjere kva du vil, så lenge det ikkje skadar andre». Men dette blir ein heilt feil måte å tenke på, som vi kan sjå når vi brukar Lewis’ analogi om ein skipsflåte.

Sjå for deg ei skipsflåte som skal segle ein stad. Den reisa vil kunne mislykkast av fleire grunnar. Den første er dersom skipa kolliderer med kvarandre eller kjem i vegen for kvarandre, dette er den relasjonelle delen. Den andre er dersom eit eller fleire av skipa er skada, t.d. at roret ikkje fungerer som det skal, då vil heller ikkje flåten kunne fullføre reisa. Dette er den interne delen, og legg merke til at den påverkar den relasjonelle delen og vice versa. Dersom skipa stadig kolliderer vil dei bli skada og dersom skipa er skada er sjansen større for at dei kolliderer. Endå har vi riktig nok ikkje nemnt den tredje delen, og det er målet. Det er nemleg ikkje nok at dei seglar, utan å kollidere eller ha nokon form for intern skade, dersom dei endar opp ein heilt anna stad enn dei skal. Om dei skulle til New York og endar i Calcutta er reisa mislykka. Skipsflåta er sjølvsagt ein analogi på menneskeheita, men då er spørsmålet, kva er målet til menneskeheita?

«Ethics is the science which is to enable men to understand how they make the transition from [man-as-he-happens-to-be] to [man-as-he-could-be-if-he-realized-his-essential-nature]» skriv MacIntyre om den aristoteliske måten å forstå etikk på. Dette kan kanskje vere vanskeleg å forstå, utan å ha ei forståing av aristotelisk metafysikk, som eg diverre ikkje kan forklare godt i denne korte teksten. Men for å gjere det litt enkelt har alt ein «essensiell natur» som det i større eller mindre grad oppfyller. La oss bruke ein trekant som eksempel. Essensen til ein trekant er å ha tre beine sider og ein vinkelsum på 180°. Om eg teiknar ein trekant med blyant på eit papir vil eg nok ikkje klare å oppfylle denne essensen, og dermed er min trekant ikkje perfekt, men det er likevel ein trekant. På denne måten kan vi seie at nokre trekantar er betre enn andre trekantar fordi dei er nærare å oppfylle essensen av ein trekant.

Den essensielle naturen til eit menneske er riktig nok verken å ha tre sider eller ein vinkelsum på 180°. Her kjem vi nok ein gong inn på eit større filosofisk spørsmål, nemlig kva som er naturen til eit menneske. Men eg kjem til å ta utgangspunkt her i Aristoteles sitt syn på menneske og Aquinas si vidareføring av den, fordi den gir intuitivt meining, sjølv utan ei lengre forklaring. Aristoteles hevdar mennesket kan delast i tre nivå: det vegetative, som er det som det delar med alt levande, det animalske, som det delar med alle dyr, og det rasjonelle, som er unikt for mennesket. Det vegetative går ut på mellom anna evna til å tileigne seg næring og å reprodusere, det animalske går ut på evna til å røre seg og sanse og andre ting som følgjer av dette og det rasjonelle går ut på evna til å tenke abstrakt og ta frie val. Han har også eit hierarki, slik at det rasjonelle nivået er avhengig av det animalske og vegetative, men målet med dei animalske og vegetative nivåa vil vere å gjere slik at ein kan bruke det rasjonelle nivået.

Kvar av desse nivåa av den menneskelege naturen kan bli oppfylt. For å oppfylle det vegetative nivået må ein t.d. tileigne seg næring. Det animalske kan t.d. vere å oppdra barna sine. Men kva kan oppfylle det rasjonelle nivået, som er det høgaste nivået og dermed det ultimate målet? Her kjem Aquinas med ei liste med ting det ikkje kan vere: Det kan ikkje vere pengar, for det er ikkje godt i seg sjølv, men kan berre brukast som middel til å få noko godt, det kan ikkje vere ære eller berømmelse, for det er berre ein konsekvens av noko godt (eller noko som ikkje er godt), det kan ikkje vere makt, for det er eit middel og ikkje eit mål (og eit middel som kan brukast til mykje vondt), og det kan ikkje vere nyting, for dette er ein konsekvens av eit gode og ikkje eit gode i seg sjølv. Dette betyr ikkje at desse tinga ikkje kan vere gode, men dei kan ikkje vere det ultimate målet for menneske.

«Our ultimate end can only possibly be something ‘which lulls the appetite altogether’, beyond which nothing more could be desired, and thus something absolutly perfect. And ‘this is to be found’, Aquinas concludes ‘not in any creature, but in God alone’»
-Aquinas, Edward Feser

No har eg full forståing for at dette har gått litt fort fram, og at det ikkje er alle poenga som er grundig argumentert for, og at mange dermed ikkje vil akseptere konklusjonen min. Det er diverre vanskeleg å presentere heile filosofiske retningar i ein kort bloggtekst. Likevel håpar eg at eg påpeikt nokon problem med moderne etikk, og ein mogleg måte å løyse dette på, og i alle fall håpar eg har klart å presentere greitt korleis eg sjølv tenkjer om det, som i seg sjølv er fint for å unngå misforståingar. Det er nemleg vanskeleg å diskutere enkelte etiske spørsmål utan å forstå grunnlaget ein tenkjer utifrå.

Som ein oppsummering trur eg ein må forstå etikk som noko som handlar om både korleis ein oppfører seg mot andre, korleis ein behandlar seg sjølv og om ein bevegar seg mot det rette målet, som slik eg (og andre klassiske teistar) forstår det er Gud. Alle desse tre heng sjølvsagt saman, og må forståast som ein heilheit. For vi kan ikkje bevege oss mot Gud utan oppføre oss rett mot andre (eg snakkar no ikkje om frelse, og eg trur vi aldri klarer nokon av dei tre punkta fullt ut utan Gud), vi klarer ikkje oppføre oss rett mot andre dersom vi øydelegg oss sjølve og vi klarer ikkje behandle oss sjølve godt utan å vite kva målet vårt er. Eg trur alle tre punkta kan summerast opp i det siste, at etikk handlar om å bevege oss mot vårt ultimate mål, eller å realisere vår essensielle natur, som Aristoteles og Aquinas ville sagt, men denne tredelinga til Lewis kan gjere det litt enklare å forstå i praksis. Om dette høyrest meiningsfullt ut, eller høyrest ut som noko du burde undersøke nærare kan eg anbefale alle tre bøkene eg refererer aktivt til i denne teksta: After Virtue av Alasdair MacIntyre (om problem med moderne moralfilosofi og kvifor aristotelisk dydsetikk er betre), Mere Christianity av C.S. Lewis (enkel forklaring av kva kristne trur på og kvifor) og Aquinas av Edward Feser (innføring i filosofien til Thomas Aquinas).