Eg fortsettar med mine særs korte innføringar i nokre gode argument for Guds eksistens, her med det såkalla fininnstillingsargumentet. Dette argumentet baserer seg i stor grad på vitskaplege observasjonar, og det å gjere research til dette innlegget skapte litt hovudbry ettersom eg måtte lese mykje om fysikk som i grunnen ikkje er mitt ekspertområde. Forhåpentlegvis klarer eg likevel å utrykke det forståeleg og presist.
![]() |
ESA/Hubble, NASA and H. Ebeling. |
“Most of the fundamental constants in our theories appear fine-tuned in
the sense that if they were altered by only modest amounts, the universe would
be qualitatively different, and in many cases unsuitable for the
development of life. […] The emergence of the complex structures capable of
supporting intelligent observers seems to be very fragile. The laws of nature
form a system that is extremely fine-tuned, and very little in physical law can
be altered without destroying the possibility of the development of life as we
know it.”[1]
For å forstå dette litt
betre kan vi sjå på nokre dømer. Ein av fundamentalpartiklane, nedkvarken, som
er ein del av alle atom, har ei masse på 8.6*10^-27 g. Dersom denne var 2.6*10^-26 g eller meir ville ein
kun hatt eitt grunnstoff og ingen kjemiske samansetningar.[2]
Det er ei endring på berre 1.74*10^-26 g eller 0.0000000000000000000000000174g,
om du vil. Om du endrar på oppkvarken med berre 1.99*10^26 g ville ingen atom
kunne eksistere i det heile. [3]
Den kosmologiske konstanten, som enkelt forklart bestemmer kor fort universet
utvidar seg, kan ikkje variere med meir enn 1*10^-53 om liv skal vere mogleg.[4]
Ei lita forandring av den kosmologiske konstanten ville ført til at det enten ikkje
eksisterte energikjelder (som stjerner) eller at universet ville kollapse raskt
etter det oppstod. Karbon og oksygen er svært viktig for at liv kan eksistere.
Om du endrar kjernekrafta med 0.4% vil det det enten nesten ikkje eksistere
karbon eller nesten ikkje eksistere oksygen.[5]
Stjerner er viktige både som energikjelde og fordi dei produserer dei
nødvendige grunnstoffa for liv t.d. karbon og oksygen. I følgje fysikaren Lee
Smolin er sjansen for at det i det heile eksisterer stjerner i eit univers 1*10^-229
.[6]
Noko så usansynleg krevjar
ei forklaring, det er det liten tvil om. Fysikaren Leonard Susskind seier at «This
specialness is not something that we can attribute to lucky accidents, which is
far too unlikely. The apparent coincidences cry out for an explanation.»[7]
Enkelte hevdar likevel at det ikkje krevjer ei forklaring, fordi naturlovene må
vere fininnstilte for at vi skal kunne observere dei. Altså er det ingen grunn
til å vere overraska over at dei er fininnstilte. Denne innvendinga kan ein
svare på med ein velkjent analogi av filosofen John Leslie: Sjå for deg at står
framfor ei gruppe med 50 skarpskyttarar som skal henrette deg. Dei skyter, men
alle saman bommar. Du kan jo då tenke «Viss dei hadde treft hadde eg ikkje
kunne tenkt på det, så eg er ikkje overraska over at dei bomma», men det ser jo
likevel ut til at det trengst ei forklaring. Kvifor bomma alle desse
spesialtrena skyttarane? Vart dei kanskje einige på førehand om å bomme med
vilje?
Éin respons er at
det kanskje kunne eksistert andre former
for liv i andre univers, t.d. liv som ikkje er karbonbasert. No er det for det
første lite forsking som tyder på at det er tilfellet, men det kan potensielt
komme etter kvart. Det som er eit større problem med denne innvendinga er at
mange av dei fininnstilte konstantane ikkje berre gjer karbonbasert liv
umogleg, men gjer komplekse molekyl umogleg og dermed utelukkar moglegheita for
metabolisme eller liknande prosessar som er nødvendig for at organismar skal
kunne ta til seg energi. Utan slike prosessar er alle tenkelege (og utenkelege)
former for liv umogleg.
Ein meir populær teori
er multiversteorien, som finst i mange variantar. Dei fleste av desse teoriane
går ut på at vi lever i eit multivers med mange «underunivers» der dei nemnde
konstantane varierer frå univers til univers. Det er viktig å påpeike at dette
er ein teori som ikkje baserer seg på empiriske observasjonar, men er høgst
spekulativ. Vi vil dessutan aldri kunne nå desse andre universa om dei
eksisterer, men det er teoretisk mogleg å finne indirekte bevis (eller i det
minste indikasjonar) for at vi lever i eit slikt multivers. Viss multiverset er
tilfellet aukar det i alle fall sjansen for at eit univers med liv kan
eksistere betydelig. Teorien har likevel klare svakheitar. For sjølv om det er
slik at det finst svært mange univers med ulike verdiar for konstantane, så er
det likevel bakanforliggande lover som tilet at så mange univers eksisterer og
tilet at konstantane kan variere tilstrekkelig. Med andre ord: lovene som gjer
at tilstrekkelig mange univers blir generert og at desse er dekker skalaen av
moglegheiter ser ut til å i seg sjølv vere fininnstilt. I så fall har ein berre
flytta problemet eitt hakk bakover. I tillegg må ein sjå på om vårt univers er
slik ein kunne forvente at eit univers med bevisst liv er dersom det blir
tilfeldig generert. Alt tyder på det motsette. Vårt univers er utruleg
komplekst og svært stort, sannsynlegheita for eit lite univers, kanskje berre
på størrelse med vårt eiga solsystem er langt større. Fysikaren Roger Penrose
har berekna sannsynet for at vårt solsystem, med alt liv, skulle spontant
oppstå av kollisjonar mellom atom og stråling til 1*10^-10^10^60 medan sannsynet for at vårt univers skulle
oppstå med så gunstige initialbetingelsar som ved Big Bang er berekna til 1*10^-(10)^10^123
, altså ekstremt mykje
lågare.[8]
Alt vi har sett til no
er naturalistiske forsøk på å forklare fininstilling. Naturalisme er altså den
filosofiske retninga som seier at ingenting eksisterer utanom naturen som eit
lukka system, m.a.o. den vanligaste forma for ateisme. Og som vi har sett er
det vanskelig å komme med ei god løysing på dette problemet frå eit naturalistisk
synspunkt. På den andre sida så går vårt fininnstilte univers svært godt
overens med teisme. Dersom det står ein skapargud bak universet er det heilt
logisk at han har skapt universet på ein slik måte at bevisst liv kan eksistere
der. Sagt på ein litt meir teknisk måte, med utgangspunkt i bayesiansk sannsyn,
så er eit univers med liv gitt naturalisme ekstremt usannsynleg medan eit
univers med liv gitt teisme er særs sannsynleg. Når vi då veit at vi er i eit
univers med liv, styrkar det hypotesen om teisme. Ein kan forklare dette
gjennom ein analogi: Ein har hundre lappar i ei kasse. Ein person seier at 99
av dei er blå medan 1 er raud. Ein annan seier at 99 er raude og 1 er blå. Du
trekk ein raud lapp frå kassa. Medan begge to kan ha rett er det meir
sannsynleg at den andre har rett basert på den eine lappen du trakk. På same
måte er det med naturalisme og teisme i fininnstillingsargumentet: begge er
moglege, men dei dataa vi har kan best forklarast teistisk. Berre at i dette
tilfellet er det meir enn 100 lappar i kassa.
Om du er interessert i
å vite litt meir om universets fininnstilling og korleis det kan forklarast har
kosmolog Luke Barnes ein lett underhaldande gjennomgang i dette foredraget (i 5
delar): https://www.youtube.com/watch?v=XT_qDaVJ8mU
[1] Hawking, S. & Mlodinow, L.
(2010) The grand design. New York:
Bantam Books
[2] Barnes, L. (2015), The Fine-Tuning of Nature’s Laws, The New Atlantis, 47, 87–97. Henta frå: http://www.thenewatlantis.com/publications/the-fine-tuning-of-natures-laws
[2] Barnes, L. (2015), The Fine-Tuning of Nature’s Laws, The New Atlantis, 47, 87–97. Henta frå: http://www.thenewatlantis.com/publications/the-fine-tuning-of-natures-laws
[3] Ibid.
[4] Ratzsch, Del & Koperski,
Jeffrey (2015), Teleological Arguments for God's Existence. I: The Stanford Encyclopedia of Philosophy
(Spring 2016 Edition), Henta frå: http://plato.stanford.edu/archives/spr2016/entries/teleological-arguments
[5] Ibid.
[6] Ibid.
[7]
Barnes, L. (2012, 2. mai). In defence of the fine-tuning of the Universe for
intelligent life. [blogginnlegg] henta frå: https://letterstonature.wordpress.com/2012/05/02/in-defence-of-the-fine-tuning-of-the-universe-for-intelligent-life/
[8]
Søvik, A. O. & Davidsen, B. A. (2014). Eksisterer
Gud? Oslo: Cappelen Damm AS