Sjå for deg at
naturvitskapen får skulda for ei stor katastrofe. Verdas regjeringar gjer det
dei kan for å kvitte seg med vitskapen. Vitskapsmenn blir forfølgde, bøker
brent, utstyr øydelagd. Mange år seinare prøvar nokon å rekonstruere vitskapen,
men no har dei berre fragment igjen – utstyr dei ikkje veit korleis dei skal
bruke, ord dei ikkje skjønar tydinga av. Det dei endar opp med å drive med,
sjølv om dei brukar vitskapleg utstyr og vitskaplege ord, er slett ikkje
vitskap i det heile. Det verkar nok som eit fjernt scenario, men akkurat dette
er det som har skjedd med moralfilosofien.
Dette er ei oppsummering
av innleiinga til After Virtue av
Alasdair MacIntyre, ein av dei største nolevande moralfilosofane. Eg kan ikkje
i denne teksten forklare heile hans teori, då må de nesten lese boka hans, som
eg sterkt anbefaler, men eg vil prøve å påpeike nokre element som gjer at
moderne måtar å tenke om moral på ikkje er tilfredsstillande, og ein alternativ
måte å tenke om det på.
C.S. Lewis skildrar i Mere Christianity etikken som tredelt.
Den første delen er den som handlar om korleis vi oppfører oss mot kvarandre,
den relasjonelle delen. Den andre handlar om korleis vi behandlar oss sjølv,
den interne delen. Og den tredje delen handlar om kva målet med handlingane
våre er. I moderne tenking ser vi ofte at kun den første blir tatt stilling
til, illustrert med påstandar som «Du kan gjere kva du vil, så lenge det ikkje
skadar andre». Men dette blir ein heilt feil måte å tenke på, som vi kan sjå
når vi brukar Lewis’ analogi om ein skipsflåte.
Sjå for deg ei skipsflåte
som skal segle ein stad. Den reisa vil kunne mislykkast av fleire grunnar. Den
første er dersom skipa kolliderer med kvarandre eller kjem i vegen for
kvarandre, dette er den relasjonelle delen. Den andre er dersom eit eller
fleire av skipa er skada, t.d. at roret ikkje fungerer som det skal, då vil heller
ikkje flåten kunne fullføre reisa. Dette er den interne delen, og legg merke
til at den påverkar den relasjonelle delen og vice versa. Dersom skipa stadig
kolliderer vil dei bli skada og dersom skipa er skada er sjansen større for at
dei kolliderer. Endå har vi riktig nok ikkje nemnt den tredje delen, og det er
målet. Det er nemleg ikkje nok at dei seglar, utan å kollidere eller ha nokon
form for intern skade, dersom dei endar opp ein heilt anna stad enn dei skal.
Om dei skulle til New York og endar i Calcutta er reisa mislykka. Skipsflåta er
sjølvsagt ein analogi på menneskeheita, men då er spørsmålet, kva er målet til
menneskeheita?
«Ethics is the science
which is to enable men to understand how they make the transition from
[man-as-he-happens-to-be] to
[man-as-he-could-be-if-he-realized-his-essential-nature]» skriv MacIntyre om
den aristoteliske måten å forstå etikk på. Dette kan kanskje vere vanskeleg å
forstå, utan å ha ei forståing av aristotelisk metafysikk, som eg diverre ikkje
kan forklare godt i denne korte teksten. Men for å gjere det litt enkelt har
alt ein «essensiell natur» som det i større eller mindre grad oppfyller. La oss
bruke ein trekant som eksempel. Essensen til ein trekant er å ha tre beine
sider og ein vinkelsum på 180°. Om eg teiknar ein trekant med blyant på eit
papir vil eg nok ikkje klare å oppfylle denne essensen, og dermed er min
trekant ikkje perfekt, men det er likevel ein trekant. På denne måten kan vi
seie at nokre trekantar er betre enn andre trekantar fordi dei er nærare å oppfylle
essensen av ein trekant.
Den essensielle naturen
til eit menneske er riktig nok verken å ha tre sider eller ein vinkelsum på
180°. Her kjem vi nok ein gong inn på eit større filosofisk spørsmål, nemlig
kva som er naturen til eit menneske. Men eg kjem til å ta utgangspunkt her i
Aristoteles sitt syn på menneske og Aquinas si vidareføring av den, fordi den
gir intuitivt meining, sjølv utan ei lengre forklaring. Aristoteles hevdar
mennesket kan delast i tre nivå: det vegetative, som er det som det delar med
alt levande, det animalske, som det delar med alle dyr, og det rasjonelle, som
er unikt for mennesket. Det vegetative går ut på mellom anna evna til å tileigne
seg næring og å reprodusere, det animalske går ut på evna til å røre seg og
sanse og andre ting som følgjer av dette og det rasjonelle går ut på evna
til å tenke abstrakt og ta frie val. Han har også eit hierarki, slik at det
rasjonelle nivået er avhengig av det animalske og vegetative, men målet med dei
animalske og vegetative nivåa vil vere å gjere slik at ein kan bruke det
rasjonelle nivået.
Kvar av desse nivåa av
den menneskelege naturen kan bli oppfylt. For å oppfylle det vegetative nivået
må ein t.d. tileigne seg næring. Det animalske kan t.d. vere å oppdra barna
sine. Men kva kan oppfylle det rasjonelle nivået, som er det høgaste nivået og
dermed det ultimate målet? Her kjem Aquinas med ei liste med ting det ikkje kan
vere: Det kan ikkje vere pengar, for det er ikkje godt i seg sjølv, men kan
berre brukast som middel til å få noko godt, det kan ikkje vere ære eller
berømmelse, for det er berre ein konsekvens av noko godt (eller noko som ikkje
er godt), det kan ikkje vere makt, for det er eit middel og ikkje eit mål (og
eit middel som kan brukast til mykje vondt), og det kan ikkje vere nyting, for
dette er ein konsekvens av eit gode og ikkje eit gode i seg sjølv. Dette betyr
ikkje at desse tinga ikkje kan vere gode, men dei kan ikkje vere det ultimate
målet for menneske.
«Our ultimate end can
only possibly be something ‘which lulls the appetite altogether’, beyond which
nothing more could be desired, and thus something absolutly perfect. And ‘this
is to be found’, Aquinas concludes ‘not in any creature, but in God alone’»
-Aquinas, Edward Feser
No har eg full forståing
for at dette har gått litt fort fram, og at det ikkje er alle poenga som er
grundig argumentert for, og at mange dermed ikkje vil akseptere konklusjonen
min. Det er diverre vanskeleg å presentere heile filosofiske retningar i ein
kort bloggtekst. Likevel håpar eg at eg påpeikt nokon problem med moderne
etikk, og ein mogleg måte å løyse dette på, og i alle fall håpar eg har klart å
presentere greitt korleis eg sjølv tenkjer om det, som i seg sjølv er fint for
å unngå misforståingar. Det er nemleg vanskeleg å diskutere enkelte etiske
spørsmål utan å forstå grunnlaget ein tenkjer utifrå.
Som ein oppsummering trur
eg ein må forstå etikk som noko som handlar om både korleis ein oppfører seg
mot andre, korleis ein behandlar seg sjølv og om ein bevegar seg mot det rette
målet, som slik eg (og andre klassiske teistar) forstår det er Gud. Alle desse
tre heng sjølvsagt saman, og må forståast som ein heilheit. For vi kan ikkje
bevege oss mot Gud utan oppføre oss rett mot andre (eg snakkar no ikkje om
frelse, og eg trur vi aldri klarer nokon av dei tre punkta fullt ut utan Gud),
vi klarer ikkje oppføre oss rett mot andre dersom vi øydelegg oss sjølve og vi
klarer ikkje behandle oss sjølve godt utan å vite kva målet vårt er. Eg trur alle
tre punkta kan summerast opp i det siste, at etikk handlar om å bevege oss mot
vårt ultimate mål, eller å realisere vår essensielle natur, som Aristoteles og
Aquinas ville sagt, men denne tredelinga til Lewis kan gjere det litt enklare å
forstå i praksis. Om dette høyrest meiningsfullt ut, eller høyrest ut som noko
du burde undersøke nærare kan eg anbefale alle tre bøkene eg refererer aktivt
til i denne teksta: After Virtue av
Alasdair MacIntyre (om problem med moderne moralfilosofi og kvifor aristotelisk
dydsetikk er betre), Mere Christianity
av C.S. Lewis (enkel forklaring av kva kristne trur på og kvifor) og Aquinas av Edward Feser (innføring i
filosofien til Thomas Aquinas).