Viser innlegg med etiketten historie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten historie. Vis alle innlegg

søndag 21. august 2016

Stod Jesus opp frå dei døde? Del 2 - forklaringar

I førre tekst såg eg på fem punkt, og kvifor desse er rimelig ukontroversielle historiske fakta. Desse punkta er:

  1.   Jesus vart krossfest og døydde
  2.  Jesus vart gravlagd og grava var seinare tom
  3.  Ei rekke namngitte personar (inkludert disiplane) hevda å ha sett Jesus etter hans død
  4.  Dei første kristne, inkludert  dei tidligare skeptikarane Paulus og Jakob, hevda at Jesus fysisk stod opp frå dei døydde
  5.  Mange tidlege kristne leid og døyde for trua si

Kva teoriar kan då forklare desse fakta? Eg skal gå gjennom flest mogleg av teoriane som har blitt presentert, og vurdere om dei fungerer. Nokre av dei er så pass dårlege og lite brukte at eg ikkje brukar mykje tid på dei, medan andre er verdt litt grundigare gjennomgang. Her er teoriane:

Jesus overlevde krossfestinga
Tanken er altså at Jesus ikkje døydde under krossfestinga, klarte å rømme og vise seg for disiplane sine. Dette er av logiske grunnar ikkje ein særleg populær teori. Som nemnt i førre tekst viser forskinga at å overleve ei krossfesting er praktisk talt umogleg. Ein artikkel publisert i Journey of American Medical Association konkluderar slik: «Accordingly, interpretations based on the assumption that Jesus did not die on the cross appear to be at odds with modern medical knowledge.»[1] Om han på mirakuløst vis skulle ha overlevd ville det uansett ikkje forklart mykje. Disiplane ville neppe ha skildra ein torturert, svak og sterkt såra Jesus som oppstanden, langt mindre tilbedd han og døydd martyrdøden for han. Paulus og Jakob hadde ingen grunn til å bli overbevist over ein langt svakare Jesus enn han dei allereie visste om. Dermed forklarar i grunnen teorien ingenting, anna enn, i beste fall, den tomme grava.

Historia om Jesu oppstode vart dikta opp lenge etter Jesu død
Denne er fort gjort å avvise. Dei eldste kjeldene vi har viser at disiplane sjølv trudde på Jesu oppstode. 1. kor 15, som truleg er frå dei første fem åra etter Jesu død, er tydeleg på dette. Dette forklarar heller ikkje den tomme grava, eller omvendinga til Paulus og Jakob.

Historia om Jesu oppstode vart dikta opp av disiplane
Denne teorien blir ofte kombinert med påstanden om at disiplane stal liket frå grava, og dette er truleg den eldste skeptiske innvendinga. Den blir derimot lite brukt av skeptiske fagfolk i dag. For det første gjekk disiplane frå å vere pysete, svake og gøyme seg når Jesus vart krossfest, til å bli ivrige forkynnarar etter den påståtte oppstoda. Kvifor skulle ei historie dei sjølv fabrikkerte og med andre ord ikkje trudde på føre til dette? I tillegg er det svært usannsynleg at dei skulle vere villige til å gå i døden for noko dei visste ikkje var sant. Mange er villige til å døy for ei løgn dei trur på – ingen vil døy for ei løgn dei sjølv veit ikkje er sann. Det er også svært usannsynleg at ei oppdikta historie skulle klare å omvende Paulus og Jakob som nettopp var skeptiske til den kristne trua fordi dei trudde det var ei oppdikta historie.

Disiplane forveksla ein annan med Jesus
Dette kan vel ikkje seiast å vere ein veldig seriøs teori. Om nokon skulle suksessfult klare å lure disiplane til å tru at han var Jesus, måtte disiplane ha hatt ei sterk forventing av at Jesus skulle stå opp frå dei døde, noko som er tydelig at dei ikkje hadde. I tillegg er det vel rimelig usannsynleg at han skulle klare å lure Jesu eigen bror Jakob. I tillegg viser Jesus hola i hendene og føtene til disiplane. [2]

Hallusinasjonsteorien
Når disiplane trudde dei såg Jesus var det eigentleg berre ein hallusinasjon, kanskje var dei påverka av alkohol? Denne teorien er også høgst problematisk. For det første er hallusinasjon nesten alltid kun ein-sanseleg, typisk er det noko du ser. Alle skildringane av dei opplevingane disiplane og Paulus hadde viser at fleire sansar er involverte. Disiplane både såg Jesus, høyrte han og tok på han. [3] Eit enda større problem er at hallusinasjon er eit individuelt fenomen, medan det er grupper av personar som opplevde å møte Jesus (alle disiplane på ein gong, Emmaus-vandrarane, Paulus med reisefølge, Jakob og 500 på ein gong).[4] Gruppehallusinasjonar er ekstremt sjeldne, og førekjem berre under visse forhold, m.a. må det vere ei forventing av at noko skal skje, ei oppglødd stemning, og dei som hallusinerer må gjerne ha blitt informert om kva dei skal sjå på førehand. I tillegg vil det vere store variasjonar i kva folk hallusinerer[5]. Disiplane hadde inga forventing om at Jesus skulle stå opp frå dei døde, i staden ser vi at dei først ikkje trur på Maria Magdalena, Peter og Johannes når dei seier kva dei har sett[6], og at dei først ikkje kjenner igjen Jesus når dei møter han. [7] Disiplane var dessutan ikkje oppglødde, men sørgande.[8] Det største problemet er nok at Jesus viste seg for mange folk på forskjellige stadar. At ulike folk skal ha hatt same hallusinasjon i ulike situasjonar er praktisk talt umogleg. Det er dessutan svært problematisk å hevde at Paulus og Jakob skulle ha hatt ein slik hallusinasjon ettersom dei sjølv var skeptiske til dei kristne. Hallusinasjonar forklarar heller ikkje den tomme grava.

Kognitiv dissonans
Kognitiv dissonans er eit psykologisk fenomen som består av at ein nektar å gi opp ein truspåstand sjølv om den blir møtt med harde motbevis. Dette kan typisk skje når ein har ei svært sterk forventing til noko, som så ikkje skjer. Tilsynelatande kan dette passe bra for å skildre disiplane: dei hadde ei sterk forventing om at Jesus var Messias og skulle frelse Israel, og vart dermed svært skuffa og overraska når han døde. Teorien har likevel klare problem. For det første verkar det usannsynleg at så mange skal ha opplevd ein så sterk kognitiv dissonans, som dei i tillegg er villig til å døy for. Eit større problem er at det ikkje forklarar kvifor dei trudde Jesus stod opp frå dei døde, ettersom det ikkje var noko verken jødar eller heidningar trudde var mogleg i samtida.[9] Og om dette skjedde, kvifor kom ingen liknande påstandar når andre påståtte Messias-ar døde? Det var ingen mangel på folk som påsto dei var Messias i tida før og etter Jesus levde, men alle andre mista alle sine følgjarar når den påståtte Messias-en døde. [10] Kognitiv dissonans kan heller ikkje forklare korleis skeptikarane Paulus og Jakob såg den oppstadne Jesus, eller den tomme grava.

Kombinasjon av fleire teoriar
Ein del moderne skeptikarar foreslår ein kombinasjon av desse teoriane som ei løysing på problemet. Det er derimot ganske problematisk. For det første så må alle teoriane du kombinerer vere moglege og sannsynlege forklaringar, noko vi har sett dei ikkje er. For det andre blir den heilheitlege teorien enda meir usannsynleg når du kombinerer fleire teoriar, på same måte som det er meir usannsynleg å få 4 seksarar på rad enn å få ein seksar når ein kastar terning. I tillegg kan ein også bruke Ockhams barberkniv på denne teorien. Ochams barberkniv er eit prinsipp som seier at den teorien som er enklast (har færrast antakingar) er den beste (som hovudregel). Ein teori som antek både at liket vart stelt, gruppehallusinasjon, kognitiv dissonans etc. er heilt klart ikkje ein enkel teori.

Jesus var eit romvesen
Hehe. Denne la eg berre til fordi den er morosam. Om nokon faktisk trur at Jesus var eit romvesen, ta gjerne kontakt med meg.

Jesus stod opp frå dei døde
File:The resurrection day .jpgKanskje var det sant det disiplane såg, kanskje var det faktisk den oppstadne Jesus. Dette er den einaste teorien som kan forklare alle dei fem nemnte punkta. Den gir også meining i konteksten; Då var Jesus den han sa han var og det dei første kristne sa stemde. Då stemde dei gamle-testamentlege profetiane som Paulus og evangelistane refererer til. Men er ikkje denne teorien den minst sannsynlege, ettersom mirakel alltid er den minst sannsynlege forklaringa? Ikkje dersom vi opnar for at Gud faktisk kan eksistere. Dersom vi hevdar at det er umogleg at Gud eksisterer vil dette sjølvsagt vere ei totalt usannsynleg forklaring. Men dersom du seier at det i det minste er ein reel moglegheit, så er dette den mest koherente forklaringa. Og då er det kanskje verdt å utforske Jesus litt nærmare?




[1] William D. Edwards, MD; Wesley J. Gabel, MDiv; Floyd E. Hosmer, MS, AMI (1986). On the physical death of Jesus Christ. JAMA vol. 255 nr. 11
[2] Luk 24, 36-42
[3] Joh 20,27; Luk 24, 36-42
[4] 1. kor 15; Luk 24
[5] Zusne, Leonard & Jones, Warren H.: Anomalistic Psychology: A Study of Extraordinary Phenomena of Behavior and Experience
[6] Mark 16, 9-12;
[7] Luk 24, 13-42
[8] Mark 16,10
[9] Aeschylus: Eumenides; http://plato.stanford.edu/entries/afterlife/
[10] T.d. den mest innflytelsesrike, Simon Bar Kokhba, kan lesast om her: https://en.wikipedia.org/wiki/Bar_Kokhba_revolt

onsdag 27. juli 2016

Stod Jesus opp frå dei døde? Del 1 - Historiske fakta

Frå: https://www.flickr.com/photos/waitingfortheword/6555083165 under CC-lisens



For å kunne vite om Jesus faktisk stod opp frå dei døde må vi sjå på kva vi veit av historiske fakta og kva forklaringar desse faktaa kan ha. Merk at eg i denne teksten ikkje antek at Bibelen er Guds ord, eller i sin heilheit sann, men referer til den som eit historisk dokument på lik linje med andre tekstar frå den tida (og på same måte som historikarar av alle trusretningar gjer). Eg vil starte med å sjå på nokre svært ukontroversielle historiske fakta og etterpå vurdere dei ulike forklaringane.. Desse fakta er:

  1.  Jesus vart krossfest og døydde
  2.  Jesus vart gravlagd og grava var seinare tom
  3.  Ei rekke namngitte personar (inkludert disiplane) hevda å ha sett Jesus etter hans død
  4.  Dei første kristne, inkludert  dei tidligare skeptikarane Paulus og Jakob, hevda at Jesus fysisk stod opp frå dei døydde
  5.  Mange tidlege kristne leid og døyde for trua si


Desse punkta er akseptert av så å seie alle forskarar på området. Kun punkt 2 har ei nemneverdig gruppe motstandarar hos historikarar, men det er veldig gode grunnar til å tru at Jesus vart gravlagd og at grava vart funnen tom. La meg likevel grunngi kvifor desse punkta er så sikre.

At Jesus vart krossfest er stadfesta av ei rekke kjelder frå samtida, både kristne og ikkje-kristne. Blant dei ikkje-kristne kan ein nemne den jødiske historikaren Josefus[1][2] og den romerske historikaren Tacitus[3], som begge bekreftar at Jesus vart krossfest av Pontius Pilatus. Dei kristne inkluderar Paulus, Markus, Matteus & Lukas, Johannes med fleire, alle skrive i løpet av det første århundret. Det bør også nemnast at dei kristne hadde ingen grunn til å dikte opp ei korsfesting, ettersom det vart rekna som den minst ærefulle måten å døy på, og med andre ord var noko dei absolutt ikkje forventa av Messias. Så vil kanskje nokon hevde at Jesus kan ha overlevd korsfestinga. Det ville i så fall vere eit like stort mirakel som at han stod opp, for forsking viser at det ikkje er mogleg å overleve ei korshenging.[4] Dessutan var romarane erfarne med dødsstraff, så om nokon skulle ha overlevd ville dei fort ha drepe han. (Sett at han skulle ha overlevd korshenginga ville det vel dessutan vore lite sannsynleg at nokon skulle komme til å tilbe han, ettersom han då ville likne meir på roten kjøttdeig enn noko guddommeleg).

Som nemnt er det altså større ueinigheit om grava var tom, men omtrent 75% av det relevante forskarmiljøet aksepterer dette punktet.[5] At grava vart funne tom er nemnt i alle evangelia[6] og dessutan implisert i 1. kor 15, som er ei tidleg kristen truvedkjenning som truleg stammar frå dei første fem åra etter Jesu død[7]. Med andre ord hevda dei eldste kristne kjeldene at grava var funne tom. Dei seier også at Jesus vart gravlagd i ei grav i Jerusalem som tilhøyrte Josef av Arimatea, som var ein del av jødanes eldsteråd, deira høgaste organ. Det er svært usannsynleg at dei kristne kunne ha dikta opp noko om ein så kjend person, for då ville jødane enkelt kunne protestert. Likevel finn ein ingen som protesterer på at grava var tom i den tidlege debatten mellom kristne og ikkje-kristne. I staden kjem dei med ein teori om at disiplane stal liket, noko som betyr at dei aksepterer at grava var tom.[8] Av dei viktigaste grunnane til at dei fleste historikarar aksepterer at grava var funnen tom, er det at det var kvinner som fann den tomme grava. På den tida vart ikkje kvinner sett på som truverdige vitner[9], og dersom evangelieforfattarane skulle dikte opp historia om den tomme grava ville det vert svært kontraproduktivt å dikte opp kvinner som dei første vitna. Nettopp det at kvinner var dei første vitna blir faktisk brukt som argument mot kristendommen av jøden Celsus på 100-tallet.[10]

Punkt tre er vel så lite kontroversielt som det er mogleg å få det. 1. kor 15,3-7, som tidligare nemnt er den eldste delen av det nye testamentet, seier følgande:
«For først og fremst overgav eg til dykk det som eg sjølv hadde motteke,
at Kristus døydde for syndene våre, som skriftene har sagt,
at han vart gravlagd,
at han stod opp att tredje dagen, som skriftene har sagt,
og at han synte seg for Kefas og deretter for dei tolv.
Så synte han seg for meir enn fem hundre sysken på ein gong. Dei fleste av dei lever enno, men nokre har sovna inn. Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane. Og aller sist synte han seg òg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster.»
Denne overleveringa seier altså at Jesus viste seg for disiplane, Jakob (bror til Jesus), Paulus, og 500 menneske på ein gong. Ettersom dette stammar frå så kort tid etter det skjedde, og mesteparten av desse personane framleis lev når denne truvedkjenninga vart laga (og til dels også når Paulus skreiv den i korinterbrevet), er det all grunn til å tru at desse personane faktisk hadde ei oppleving av å sjå han.  Dette blir også støtta av dei andre bibelske kjeldene.

Kva så med den fjerde påstanden? Det er jo som sagt ganske tydelig at disiplane m.fl. hevda å ha sett Jesus kort tid etter hans døyd, men trengte det å vere ei fysisk oppstode og ikkje berre ei åndeleg oppstode? For det første bør det nemnast at i dåtidas jødedom trudde ein ikkje på åndeleg oppstode, men på fysisk oppstode. Når dommedag kjem skal alle kroppar reisast opp att fysisk, hevda dei, og ettersom disiplane var jødar er det liten grunn til at dei skulle tru på noko anna. Dessutan ser vi i skildringane i evangelia at dei presiserer at Jesus har ein fysisk kropp, t.d. står det i Lukasevangeliet «Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser eg har»[11], like etterpå et den oppstandne Jesus fisk, som også er ein veldig fysisk aktivitet.

Også den tidlegare forfølgjaren av kristne, Saulus av Tarsus, betre kjent under hans kristne namn Paulus, hevda å ha sett den oppstandne Jesus, og at det var nettopp det som fekk han til å vende om frå forfølging til tru[12]. At han var motstandar og forfølgjar av den kristne kyrkja er dokumentert både i hans eigne brev[13] og apostelgjerningane[14] (skrive av Lukas).

Jakob, bror til Jesus, var også skeptikar medan Jesus levde, i likskap med dei andre brødrane til Jesus.[15] Etter Jesu døyd vart han truande og endåtil ein viktig leiar i kyrkja i Jerusalem. [16]Jakob er også nemnt i lista over menneske som den oppstandne Jesus har vist seg for i den tidlege kristne truvedkjenninga i 1. kor 15. I tillegg er ei av bøkene i NT, Jakobs brev, angiveleg skrive av Jakob.

At dei kristne vart forfølgde og drepne for trua si er også veldokumentert i kristne så vel som ikkje-kristne kjelder. Vi veit mellom anna at Jakob[17], Paulus og Peter[18] leid martyrdøyden. I apostelgjerningane er det mange skildringar av at apostlane lid for trua si. Den romerske historikaren Tacitus skriv at Nero avretta ei rekke kristne etter brannen i Roma (år 64), i første omgang dei som sjølv innrømde å vere kristne (nokre vart brent for å nyttast til «nattlig belysing»)[19].  I eit brev til keisar Trajan spør Plinius den yngre, ein romersk guvernør, om kva han skal gjere med dei som er skulda for å vere kristne. Plinius seier han har avretta dei som gjentekne gongar har innrømt å vere kristne, også når dei har blitt trua med straff, medan dei som nekta for å vere kristne, og «beviste» det ved å tilbe dei romerske gudane og forbanne Kristus vart sett fri. Trajan seier seg eining i denne metoden.[20]

No er denne teksten allereie altfor lang, og enda har vi ikkje kome lenger enn å påpeike nokre enkle fakta. Desse kan vel ha andre forklaringar enn at Jesus faktisk var Messias? Ein god del andre forklaringar har blitt foreslått og i neste tekst vil eg sjå på dei og vurdere kva som er den beste forklaringa på dei historiske faktaa.

Les del 2 her




[1] Flavius Josefus: Antiquities of the Jews, bok XVIII
[2] I denne teksten av Josefus blir Jesus omtalt som Kristus. I tillegg til nokre andre detaljar har dette ført til at historikarar meinar denne delen av teksten har blitt modifisert av seinare kopistar. Ein har seinare funne ein arabisk kopi av denne teksten som er meir moderat i omtalen av Jesus, og som ein reknar med ligg nærare originalen. Også her blir korsfestinga skildra.
[3] Publius Cornelius Tacitus: Annals, bok XV
[4] William D. Edwards, MD; Wesley J. Gabel, MDiv; Floyd E. Hosmer, MS, AMI (1986). On the physical death of Jesus Christ. JAMA vol. 255 nr. 11.
[5] Habermas, Gary R. & Licona, Micheal R. (2004). The case for the Resurrection of Jesus. Kregel Publications.
[6] Matt 27,57-28,10; Mark 15,42-16,8; Lukas 23,50-24,12; Joh 19,38-20,10
[7]  Wolfhart Pannenberg, Jesus—God and Man translated Lewis Wilkins and Duane Pribe (Philadelphia: Westminster, 1968) p. 90; Oscar Cullmann, The Early church: Studies in Early Christian History and Theology, ed. A. J. B. Higgins (Philadelphia: Westminster, 1966) p. 66–66; R. E. Brown, The Virginal Conception and Bodily Resurrection of Jesus (New York: Paulist Press, 1973) pp. 81; Thomas Sheehan, First Coming: How the Kingdom of God Became Christianity (New York: Random House, 1986) pp. 110, 118; Ulrich Wilckens, Resurrection translated A. M. Stewart (Edinburgh: Saint Andrew, 1977) p. 2; Hans Grass, Ostergeschen und Osterberichte, Second Edition (Gottingen: Vandenhoeck und Ruprecht, 1962) p. 96. Referert på wikipedia (https://en.wikipedia.org/wiki/1_Corinthians_15#Resurrection_of_Jesus:_1-11), lasta ned 14.07.2016
[8] Denne teorien blir nemnt i Matteusevangeliet (Matt 27,64; 28,12-15). Jøden Trypho brukar den òg i debatt med den kristne apologeten Justin Martyr sjå: Schaff, Phillip (1885): Ante-Niceen Fathers Vol. 1. Dialogue of Justin, Philosopher and Martyr, with Trypho, a Jew.
[9] Flavius Josefus: Antiquities of the Jews, bok IV
[10] Origenes Adamantios: Contra Celsus. Bok II
[11] Luk 24,39
[12] Apg 9,1-9; 1. Kor 15,8; Gal 1,12-16
[13] 1. Kor 15, 9; 1. Gal 1,13-14; Fil 3,6
[14] Apg 7,58-8,3; 9,1-2
[15] Mark 6,3-4; Joh 7,5
[16] Apg 15,12-21; Gal 1,19
[17] Flavius Josefus: Antiquities of the Jews, bok XX
[18] Clement av Roma: The first Epistle of Clement to the Corinthians; Quintus Septimius Florens Tertullianus: Scorpiace
[19] Publius Cornelius Tacitus: Annals, bok XV
[20] Plinius den yngre: Letters. 10.96-97

torsdag 23. juni 2016

Introduksjon om Jesu oppstode



I tida framover (i alle fall etter eit kort ferieopphald) kjem eg til å fokusere på det historiske bevismaterialet for Jesu oppstode. Det er eit såpass stort tema at eg truleg kjem til å bruke litt tid på det. Det er også truleg det viktigaste temaet eg kjem til å skrive om. Som Paulus korrekt påpeikar «Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår tom, og tom er òg trua dykkar». Om Jesus stod opp for dei døydde er kristendomen sann, gjor han det ikkje er den usann. Så enkelt, så viktig. Kristendomen er også spesiell, då den er den einaste religionen (som eg kjenner) som baserer seg på éi (ekstraordiner) historisk hending. Samtidig trur eg vi har veldig god grunn til å tru at oppstoda skjedde. Den tidlegare ateisten (som seinare vart deist) Antony Flew sa at «The evidence for the resurrection is better than for claimed miracles in any other religion. It's outstandingly different in quality and quantity, I think, from the evidence offered for the occurrence of most other supposedly miraculous events.» [1] . Det var likevel ikkje nok til å overtyde han
.
Før ein byrjar å vurdere det historiske materialet er det nødvendig å reflektere litt over om mirakel er mogleg. Viss du startar med eit utgongspunkt som definerar mirakel som noko som aldri kan skje er det lite hjelp i å sjå på noko av det historiske materialet. Då vil du alltid, per definisjon, sjå på andre forklaringar som betre, uansett kor dårlege dei er. Dersom du derimot ser på eksistensen av Gud som ein reel moglegheit, vil du kunne vurdere om Jesu oppstandelse er meir eller mindre sannsynleg enn alternative forklaringar.

Eg har ikkje tenkt å skrive meir i denne omgang, men vil heller overlate resten av forklaringane til C. S. Lewis, som skriv glimrande om desse tema, her presentert i korte, illustrerte YouTube-snuttar. Kan på det sterkaste anbefale å lese bøkene også.

Er mirakel moglege?:



Oppfatningar på førehand si påverknad på konklusjonen:






Viktigheita av mirakel i kristendom:



[1] Sagt i eit intervju med Gary Habermas, som kan lesast i sin heilskap her: http://digitalcommons.liberty.edu/cgi/viewcontent.cgi?article=1336&context=lts_fac_pubs

søndag 17. januar 2016

Under middels om middelalderen



Eg skal innrømme at ein av mine motivasjonar for å starte denne bloggen var dei mange merkelige og ukorrekte påstandane enkelte av våre skulebøker kjem med, som oftast angåande ting utanfor bokas fagfelt. Av dei fremste døma på det er norskboka vår, Intertekst,  som er full av historiske myter og filosofiske misforståingar. I kapittelet om opplysningstida las eg ein tekst som er ein rein gåvepakke for ein bloggar på jakt etter godt materiale å skrive om, boka påstår nemlig følgande:

«Sjå for deg eit samfunn der religionen ved kyrkja, påstår at han kan forklare alle samfunnsforhold og naturforhold. Folk får ikkje tru på noko som ikkje religionen først har godkjent. […] I eit slikt samfunn finst det ingen krefter som oppfordrar vitskapen til å komme med ny og banebrytande kunnskap, tvert imot blir ny kunnskap sett på med skepsis. […] Dette samfunnet er mellomalderen i Europa»[1]

Her er det med andre ord mykje å gripe tak i. Eg vil byrje med den første påstanden, om at religionen påstod han kunne forklare alle samfunnsforhold og naturforhold. Akkurat kva som inngår i det heller vage utrykket religion kan diskuterast i lange avhandlingar, men det vil vere meir hensiktsmessig å fokusere på kristendommen her (meir spesifikt katolisisme), sidan det er den tekstboka skulda for dette. Ingen av dei kristne doktrinane er fullgode forklaringar på naturforhold, eller gir seg ut for å vere det, i mellomalderen som no. Dei er teologiske, og dermed omhandlar dei ting som er utanfor naturvitskapens fagfelt (meir om dette i ein seinare tekst). Vitskapsmennene i mellomalderen var gjerne opptatt av å finne teologiske mønster i naturen (t.d. symbol på treeininga), noko ein kan seie var ein arv frå antikken, men dei såg aldri på teologien som ein erstatning for naturvitskap eller for den slags skyld politisk filosofi. Dette kan vi sjå hos t.d. Albertus Magnus, mellomalderfilosof og ein av få som har fått tittelen «doktor av den Katolske Kyrkja», som seier: : «In studying nature we have not to inquire how God the Creator may, as He freely wills, use His creatures to work miracles and thereby show forth His power; we have rather to inquire what Nature with its immanent causes can naturally bring to pass.»[2] Med andre ord var ein ikkje opptatt av å bruke Gud eller mirakel som forklaring på ting ein ikkje forstod, ein ville i staden finne ut korleis skaparverket fungerer. Religionen vart dermed ein motivasjon til å utforske verda rundt seg, ettersom det var Guds skaparverk. Dette var òg starten på moderne vitskapleg metode, slik den vart vidareutvikla i renessansen og på 1600-tallet.[3]

Ei anna tolking av påstanden er at kyrkja meinte at Bibelen kunne forklare alt. Heller ikkje det stemmer, noko vi får bekrefta av bibelforfattarane sjølv, t.d. Johannes som i slutten av evangeliet sitt skriv «Det er òg mykje anna som Jesus har gjort. Skulle det skrivast opp, kvar ting for seg, trur eg ikkje heile verda kunne romma dei bøkene som då måtte skrivast.» (Joh 21,25). Det er med andre ord ikkje slik at Bibelen utgir seg for å fortelje absolutt alt, den forteljer det den treng å fortelje; Kven Gud er, kven vi er og korleis vi kan komme til Gud.

Kyrkjefaren Augustin, ein av tidenes mest innflytelsesrike teologar og filosofar, skriv rundt år 400 at:
«Usually, even a non-Christian knows something about the earth, the heavens, and the other elements of this world, about the motion and orbit of the stars and even their size and relative positions, about the predictable eclipses of the sun and moon, the cycles of the years and the seasons, about the kinds of animals, shrubs, stones, and so forth, and this knowledge he hold to as being certain from reason and experience.
Now, it is a disgraceful and dangerous thing for an infidel to hear a Christian, presumably giving the meaning of Holy Scripture, talking nonsense on these topics; and we should take all means to prevent such an embarrassing situation, in which people show up vast ignorance in a Christian and laugh it to scorn.»[4]

 Med andre ord kritiserer han kristne som prøver å dra naturvitskaplege slutningar ut i frå bibeltekstane, når dei verken forstår vitskapen eller tekstane. Kyrkja har rettnok til tider føretrukke visse vitskaplege posisjonar, t.d. at jorda var sentrum i solsystemet, men det hindra ikkje Nicolaus Copernicus, som i tillegg til å vere vitskapsmann hadde ein kyrkjeleg posisjon,  i å forske på og publisere sine teoriar om det heliosentriske verdsbiletet. At desse teoriane ikkje kom på eit tidlegare tidspunkt skyldast ikkje den kristne teologien, men ein kombinasjon av at det geosentriske verdsbiletet var meir intuitivt og respekt for greske tenkerar som Platon, Aristoteles og Ptolemaios som alle støtta det geosentriske verdsbiletet.[5]

Kva så med dei neste påstandane? Stemmer det at kyrkja måtte godkjenne alt for at folk skulle tru på det? Og at det difor ikkje kom nemneverdige oppdagingar i mellomalderen? Nei, nok ein gong er mytane ute og går. Kyrkja hadde ingen systematisk sensur av vitskaplege verk, eller vitskapleg arbeid elles. Det var stort sett berre i teologiske spørsmål at kyrkja kunne forby bøker, og Galileo Galilei er truleg den einaste i historia som kyrkja har idømt straff av vitskaplege årsakar, men då òg var det mange andre faktorar.[6]

Dessutan skjedde det rimeleg mange oppdagingar i mellomalderen, t.d. er briller, undertøy, smertestillande medisin, vindmøller, bankar, moderne klokker, kompass og universitet nokre av nyvinningane som kom i denne tida.[7] Mykje av grunnlaget for oppdagingar gjort under den vitskaplege revolusjon vart dessutan lagt i mellomalderen, t.d. vart det vist at det var mogleg for jorda å snurre rundt si eiga akse, utan at vi merkar det, noko som var viktig for Copernicus sine teoriar. [8]  I tillegg vart det i mellomalderen omsett ei rekke vitskaplege og filosofiske verk av arabiske, jødiske og greske forfattarar til latin. Det burde vere sjølvsagt at eit verk som argumenterer for islamsk teologi var imot det kyrkja stod for. Likevel var det nettopp kyrkjas eigne menn som omsette desse verka, som vart aktivt lest og brukt av kristne filosofar.[9]

Det er dette som er mellomalderen i Europa, eller i alle fall litt nærare røynda enn det norskboka påstår. Mellomalderen var ei periode med mykje uro og maktmisbruk, også i kyrkja, men det var ikkje ei kolsvart sovjetepoke styrt av Pave Stalin I. Så får vi håpe norskboka er noko betre i norsk enn i vitskapshistorie.








[1] Intertekst VG2, Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke AS, 1. utgåve 2014, s.196
[2] Albertus Magnus, De vegetabilibus et plantis
[3] http://plato.stanford.edu/entries/scientific-method/#HisRevAriMil
[4] Augustin av Hippo, De genesi ad litteram
[5] http://plato.stanford.edu/entries/copernicus/#2.1
[6] Davidsen, Bjørn Are (2010): Da jorden ble flat. Mytene som ikke ville dø, Luther forlag.
[7] Frugoni, Chiara (2007): Inventions of the Middle Ages, The Folio Society
[8]  Hamman, James (2009): God's Philosophers. How the Medieval World Laid the Foundations of Modern Science
[9] http://historyofphilosophy.net/latin-translations