 |
Frå: https://www.flickr.com/photos/waitingfortheword/6555083165 under CC-lisens |
For å kunne vite om Jesus
faktisk stod opp frå dei døde må vi sjå på kva vi veit av historiske fakta og
kva forklaringar desse faktaa kan ha. Merk at eg i denne teksten ikkje antek at
Bibelen er Guds ord, eller i sin heilheit sann, men referer til den som eit
historisk dokument på lik linje med andre tekstar frå den tida (og på same måte
som historikarar av alle trusretningar gjer). Eg vil starte med å sjå på nokre
svært ukontroversielle historiske fakta og etterpå vurdere dei ulike forklaringane..
Desse fakta er:
- Jesus vart
krossfest og døydde
- Jesus vart
gravlagd og grava var seinare tom
- Ei rekke namngitte
personar (inkludert disiplane) hevda å ha sett Jesus etter hans død
- Dei første
kristne, inkludert dei tidligare
skeptikarane Paulus og Jakob, hevda at Jesus fysisk stod opp frå dei døydde
- Mange tidlege
kristne leid og døyde for trua si
Desse punkta er akseptert
av så å seie alle forskarar på området. Kun punkt 2 har ei nemneverdig gruppe
motstandarar hos historikarar, men det er veldig gode grunnar til å tru at
Jesus vart gravlagd og at grava vart funnen tom. La meg likevel grunngi kvifor
desse punkta er så sikre.
At Jesus vart krossfest
er stadfesta av ei rekke kjelder frå samtida, både kristne og ikkje-kristne.
Blant dei ikkje-kristne kan ein nemne den jødiske historikaren Josefus og
den romerske historikaren Tacitus,
som begge bekreftar at Jesus vart krossfest av Pontius Pilatus. Dei kristne inkluderar
Paulus, Markus, Matteus & Lukas, Johannes med fleire, alle skrive i løpet
av det første århundret. Det bør også nemnast at dei kristne hadde ingen grunn
til å dikte opp ei korsfesting, ettersom det vart rekna som den minst ærefulle
måten å døy på, og med andre ord var noko dei absolutt ikkje forventa av
Messias. Så vil kanskje nokon hevde at Jesus kan ha overlevd korsfestinga. Det
ville i så fall vere eit like stort mirakel som at han stod opp, for forsking
viser at det ikkje er mogleg å overleve ei korshenging.
Dessutan var romarane erfarne med dødsstraff, så om nokon skulle ha overlevd
ville dei fort ha drepe han. (Sett at han skulle ha overlevd korshenginga ville
det vel dessutan vore lite sannsynleg at nokon skulle komme til å tilbe han,
ettersom han då ville likne meir på roten kjøttdeig enn noko guddommeleg).
Som nemnt er det altså
større ueinigheit om grava var tom, men omtrent 75% av det relevante forskarmiljøet
aksepterer dette punktet. At
grava vart funne tom er nemnt i alle evangelia og
dessutan implisert i 1. kor 15, som er ei tidleg kristen truvedkjenning som
truleg stammar frå dei første fem åra etter Jesu død. Med
andre ord hevda dei eldste kristne kjeldene at grava var funne tom. Dei seier
også at Jesus vart gravlagd i ei grav i Jerusalem som tilhøyrte Josef av
Arimatea, som var ein del av jødanes eldsteråd, deira høgaste organ. Det er
svært usannsynleg at dei kristne kunne ha dikta opp noko om ein så kjend
person, for då ville jødane enkelt kunne protestert. Likevel finn ein ingen som
protesterer på at grava var tom i den tidlege debatten mellom kristne og
ikkje-kristne. I staden kjem dei med ein teori om at disiplane stal liket, noko
som betyr at dei aksepterer at grava var tom. Av
dei viktigaste grunnane til at dei fleste historikarar aksepterer at grava var
funnen tom, er det at det var kvinner som fann den tomme grava. På den tida
vart ikkje kvinner sett på som truverdige vitner,
og dersom evangelieforfattarane skulle dikte opp historia om den tomme grava
ville det vert svært kontraproduktivt å dikte opp kvinner som dei første vitna.
Nettopp det at kvinner var dei første vitna blir faktisk brukt som argument mot
kristendommen av jøden Celsus på 100-tallet.
Punkt tre er vel så lite
kontroversielt som det er mogleg å få det. 1. kor 15,3-7, som tidligare nemnt
er den eldste delen av det nye testamentet, seier følgande:
«For først og fremst overgav eg til
dykk det som eg sjølv hadde motteke,
at Kristus døydde for syndene våre,
som skriftene har sagt,
at han vart gravlagd,
at han stod opp att tredje dagen, som
skriftene har sagt,
og at han synte seg for Kefas og
deretter for dei tolv.
Så synte han seg for meir enn fem
hundre sysken på ein gong. Dei fleste av dei lever enno, men nokre har sovna
inn. Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane. Og aller sist synte
han seg òg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster.»
Denne overleveringa seier
altså at Jesus viste seg for disiplane, Jakob (bror til Jesus), Paulus, og 500
menneske på ein gong. Ettersom dette stammar frå så kort tid etter det skjedde,
og mesteparten av desse personane framleis lev når denne truvedkjenninga vart
laga (og til dels også når Paulus skreiv den i korinterbrevet), er det all
grunn til å tru at desse personane faktisk hadde ei oppleving av å sjå
han. Dette blir også støtta av dei andre
bibelske kjeldene.
Kva så med den fjerde
påstanden? Det er jo som sagt ganske tydelig at disiplane m.fl. hevda å ha sett
Jesus kort tid etter hans døyd, men trengte det å vere ei fysisk oppstode og
ikkje berre ei åndeleg oppstode? For det første bør det nemnast at i dåtidas jødedom
trudde ein ikkje på åndeleg oppstode, men på fysisk oppstode. Når dommedag kjem
skal alle kroppar reisast opp att fysisk, hevda dei, og ettersom disiplane var
jødar er det liten grunn til at dei skulle tru på noko anna. Dessutan ser vi i
skildringane i evangelia at dei presiserer at Jesus har ein fysisk kropp, t.d.
står det i Lukasevangeliet «Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og
sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser eg har»,
like etterpå et den oppstandne Jesus fisk, som også er ein veldig fysisk
aktivitet.
Også den tidlegare
forfølgjaren av kristne, Saulus av Tarsus, betre kjent under hans kristne namn
Paulus, hevda å ha sett den oppstandne Jesus, og at det var nettopp det som
fekk han til å vende om frå forfølging til tru. At
han var motstandar og forfølgjar av den kristne kyrkja er dokumentert både i
hans eigne brev og apostelgjerningane
(skrive av Lukas).
Jakob, bror til Jesus,
var også skeptikar medan Jesus levde, i likskap med dei andre brødrane til
Jesus. Etter
Jesu døyd vart han truande og endåtil ein viktig leiar i kyrkja i Jerusalem. Jakob
er også nemnt i lista over menneske som den oppstandne Jesus har vist seg for i
den tidlege kristne truvedkjenninga i 1. kor 15. I tillegg er ei av bøkene i
NT, Jakobs brev, angiveleg skrive av Jakob.
At dei kristne vart
forfølgde og drepne for trua si er også veldokumentert i kristne så vel som
ikkje-kristne kjelder. Vi veit mellom anna at Jakob,
Paulus og Peter leid martyrdøyden. I
apostelgjerningane er det mange skildringar av at apostlane lid for trua si.
Den romerske historikaren Tacitus skriv at Nero avretta ei rekke kristne etter
brannen i Roma (år 64), i første omgang dei som sjølv innrømde å vere kristne
(nokre vart brent for å nyttast til «nattlig belysing»). I eit brev til keisar Trajan spør Plinius den
yngre, ein romersk guvernør, om kva han skal gjere med dei som er skulda for å
vere kristne. Plinius seier han har avretta dei som gjentekne gongar har
innrømt å vere kristne, også når dei har blitt trua med straff, medan dei som
nekta for å vere kristne, og «beviste» det ved å tilbe dei romerske gudane og
forbanne Kristus vart sett fri. Trajan seier seg eining i denne metoden.
No er denne teksten
allereie altfor lang, og enda har vi ikkje kome lenger enn å påpeike nokre
enkle fakta. Desse kan vel ha andre forklaringar enn at Jesus faktisk var
Messias? Ein god del andre forklaringar har blitt foreslått og i neste tekst
vil eg sjå på dei og vurdere kva som er den beste forklaringa på dei historiske
faktaa.
Les del 2
her