mandag 14. mars 2016

Gjer filosofi til skulefag

Opprinnelig publisert i Vårt Land laurdag 12.03.

I USA liknar valkampen meir enn nokon sinne på reality-tv, ikkje minst grunna nettopp ein reality-tv-kjendis, Donald Trump. Frå norsk perspektiv kan vi sjå på det med skrekkblanda fryd, eller kanskje berre skrekk. Det verkar utenkeleg at ein bøllete populist med total mangel på argumentasjon og saklegheit kan bli president i verdas mektigaste land. Men i den samanheng er det interessant å tenke på om det same kunne skjedd i Noreg ein gong i framtida. Eg trur at om det ikkje blir så ekstremt, så blir vi likevel likare USA i den offentlege debatten, om enn veldig sakte. Eg trur også at vi kan gjere noko for å hindre at norsk politikk blir prega av personangrep framføre god argumentasjon. Mi løysing er: innfør filosofi som obligatorisk skulefag.

Eg reknar med mange vil sjå på meg med forvirring for å presentere ei slik løysing på problemet. Å lese Platon og Descartes på skulen hjelper vel ingen med noko anna enn å bli litt meir skuleleie. Men eg meiner heller ikkje at 10.klassingane skal sitte og lese Descartes, for det ville nok vere lite hensiktsmessig. Filosofi er nemlig meir enn tørre bøker, filosofi handlar om dei mest grunnleggande kunnskapane og verktøya. Ein kan aldri fullt ut forstå andre disiplinar utan kunnskap om filosofi, for alle andre disiplinar har eit filosofisk fundament, det gjeld naturvitskap så vel som samfunnsfag og språkfag. I mellomalderen måtte alle studentar lese gjennom logikken til Aristoteles før dei kunne gå vidare på andre studiar, nettopp fordi logikken er eit nødvendig reiskap for alle desse andre studiane.

Og her er vi ved kjernen: det er ingen som lærer skikkelig kva som er god argumentasjon og kva som er logisk gyldige utsegner på den norske grunnskulen. Ein lærer ikkje forskjellen på deduktiv og induktiv logikk eller forskjellen på korrelasjon og kausale relasjonar. For mange vil nok dette høyres teknisk ut, men dette er eigentleg kjempeenkle ting å lære, du kan finne eit drøss med gode YouTube-videoar som forklarer dette grundig på 5 minutt. Då er det merkeleg at skulen, som tross alt brukar tid på å lære elevane om dei kjemiske prosessane i batteri, ikkje skal kunne lære elevane sine dette, som ikkje berre er sentralt i all argumentasjon, men også vitskap og endåtil i kvardagslivet. Og ikkje minst, om fleire hadde hatt kontroll på desse tinga, hadde truleg Trump hatt mindre popularitet (sjølvsagt skal eg ikkje åleine skulde på manglande kunnskap, men ein kan ikkje ignorere det faktum at argumentasjonen hans burde vere svært enkel å gjennomskode).

 Ein lærer nok at ein ikkje bør gå til personangrep i norsktimane, men i eit fag som i stor grad handlar om å skrive gode tekstar kan ofte noko av saklegheita ofrast for litt patos. Det er difor naudsynt med eigne timar om korleis drive god argumentasjon. Dessutan er norskfaget, som ofte får ansvaret for å lære folk å argumentere, allereie fullpakka nok som det er. I norsk skal ein lære å skrive artiklar, noveller og essay,  drive setningsanalyse, grammatikk, litteraturhistorie, kulturhistorie, språkvitskap etc. Norskfaget er så stort at det hadde hatt svært godt av å bli snevra inn ein god del. Filosofi kan trygt ta delar av den jobben og dermed slå to fluger i ein smekk.

Å ha eit eige fag om argumentasjon høyres kanskje ut som unødvendig bruk av tid i ein allereie pressa skulekvardag. Men filosofi handlar heller ikkje berre om argumentasjon, sjølv om det er noko av det mest grunnleggande ved filosofien. Det handlar nemleg også om å kunne bruke argumentasjonen og logikken til å finne sanning og å avsløre feil og bedrag.  Det handlar om å få ei forståing av kva som er gode teoriar og haldningar, innan politikken, vitskapen og religionen. Det handlar om at ein kan ha debattar mellom kristne og ateistar der begge forstår kva den andre faktisk trur på, og ikkje antar at den andre berre er kunnskapslaus. Debattar der ein kan lære av kvarandre og ikkje berre konkurrere om å rope høgast. Slike debattar finst sjølvsagt allereie, men det er noko alle burde kunne ha med kvarandre.


Eg trur filosofitimar for alle ville ført til ein meir respekterande, forståingsfull og sakleg samfunnsdebatt på alle områder, ikkje minst dei som no er mest prega av usaklegheit. Sjølvsagt blir det utopisk å tru at alle kjem til å alltid kome med velformulerte og gode argument og at kommentarfeltkulturen plutselig kjem til å bli som ei  brevveksling mellom Kant og Hume. Sjølv dei mest velutdanna filosofar har til tider vore svært usaklige og kranglete. Likevel trur eg det vil vere til nytte for alle og at det vil kunne gi større forståing i dei andre faga. Så i vissheit om at mitt ønske sannsynlegvis aldri blir oppfylt: Gjer filosofi til eit obligatorisk fag i grunnskulen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar