fredag 18. mars 2016

Kan Gud bevisast?



I ein kvardagsleg diskusjon om Gud kan ein ofte høyre ein ateist seie at Gud ikkje kan bevisast, og at det difor er irrasjonelt å tru på Gud. Til det svarar ofte den gudstruande med det like dårlege svaret at Gud ikkje kan motbevisast heller. Så kjem ein ikkje stort lenger i den diskusjonen. Men er det slik at Gud ikkje kan bevisast? Og må ein bevise Gud for at det skal vere rasjonelt å tru på han?

Matematisk prov
Først er det nødvendig å påpeike at det å kome fram til ei sanning, altså å bevise noko, kan og må skje på ulike måtar utifrå kva ein prøver å bevise. Dersom eg påstår at eg bur i eit grønt hus, kan du ganske enkelt skjekke ved å oppsøke huset mitt og sjå om det er grønt, dette er eit empirisk bevis (les om avgrensingane til empiri her). Om eg derimot skulle påstå at vikingane åt graut på tysdagar er det ikkje like enkelt å gå for å sjekke det. Endå meir spesielt blir det når ein skal bevise ikkje-fysiske ting, som til dømes om ein skal bevise at to partal gonga saman alltid blir eit partal. Då kan vi ikkje bruke empiriske observasjonar i det heile tatt, men må bevise det med rein logikk (a priori). Når ein skal diskutere Guds eksistens må ein på ein liknande måte bruke logiske argument, og ein må prøve å finne ut kva som er den beste teorien, teisme eller ateisme (merk at der finst fleire former for både teisme og ateisme, kvar av desse må forsvarast for seg). Det er ikkje sikkert at ein kan bevise med 100% sikkerheit at nokon av desse teoriane er sanne, men ein kan finne ut kva som er den mest sannsynlege teorien, og då er det sjølvsagt den som er mest rasjonelt å halde på.

Når ein skal finne ut kva som er den beste filosofiske teorien må ein sjå på det ein kallar koherens. Koherens tyder samanheng og er enkelt forklart i kva grad ein teori heng internt saman, ikkje har sjølvmotseiingar og i kor stor grad den kan forklare eksterne data (t.d. frå empiriske observasjonar). Ein god teori kan ikkje motseie seg sjølv, og den bør kunne forklare mest mogleg av dei fakta vi veit om verda på ein så sannsynleg måte som mogleg. Ein kan kanskje drage ein parallell her til teoriar innan fysikken, der ein t.d. på 1400-tallet diskuterte om det var ein heliosentrisk eller geosentrisk modell som best kunne forklare rørslene til himmellekamane, og det var nettopp fordi den heliosentriske modellen forklarte dette betre at den etter kvart vart akseptert som sann. Det må også påpeikast at om ein teori har visse manglar, kan den framleis vere betre enn alternativa, og då vil det vere rasjonelt å halde på teorien, inntil ein eventuell betre teori har kome. Kanskje kan t.d. naturalistisk ateisme forklare liding betre enn kristendom, men kristendomen vil framleis vere betre om den kan forklare fleire forhold på ein betre måte. Ein kan difor ikkje utelukkande sjå på enkeltargument, men må sjå på teorien i sin heilheit.

Enkeltargumenta er likevel viktige å sjå på, for å kunne sjå kva for nokre teoriar som best kan svare på desse. Det har i over 2000 år vore argumentert for og mot guds eksistens, og vi har difor mange ulike argument av varierande styrke. Argument for Gud bli gjerne kalla gudsbevis og i kristen tradisjon har ein m.a. kosmologiske, ontologiske, historiske og moralske gudsbevis (mange av desse finn vi òg i andre former for teisme) i tillegg til mange andre. Nokre av desse baserer seg på rein logikk (a priori), andre har empiriske observasjonar i premissa (a posteriori). Dei fleste brukar logisk deduksjon, slik som i matematiske bevis. Enkelte gudsbevis baserer seg òg på sannsyn, til dømes argumentet om fininnstilling. Eg kan ikkje forklare alle desse gudsbevisa i denne bloggposten, men det er ikkje usannsynleg at eg kjem tilbake til nokre av dei. På same måten som teistane har sine gudsbevis, finst det også argument mot gud. Det mest kjente av desse er «det ondes problem».

Det bør også nemnast at enkelte avviser alle teoriar fordi dei alle er mangelfulle og/eller manglar sikre bevis. Dette er riktig nok ein feil, for det blir det same som å seie at inga forklaring er betre enn ei noko mangelfull forklaring. Det er aldri ein god ting å unngå forklaringar på faktiske spørsmål. Sjølv om fysikarar av og til gjer feil er det ingen god idé å avvise fysikk, t.d. har Newton sine lover vist seg å vere svært nyttige, sjølv om Einstein sin relativitetsteori, som motseier delar av Newton, har vist seg å vere betre på ein del områder. Tilsvarande er det ingen god idé å ikkje svare på spørsmål som «kva er den djupaste verkelegheita?» eller «kvifor eksisterer noko?». Enten du er ateist eller teist er du like forplikta til å gi ei forklaring på slike spørsmål, og slik kan ein samanlikne kven som gir dei beste svara. Det er med andre ord ikkje godt nok å avvise ein teori, utan å kome med ein alternativ måte å forklare dataa på.


Det er difor mitt syn at spørsmålet om Gud eksisterer ikkje berre er vill gjetting. Sjølv om ein ikkje kan bevise Gud med 100% sikkerheit finst det gode grunnar til å tru at Gud eksisterer (og sjølvsagt nokre grunnar til å tru at han ikkje gjer det), og eg trur personleg at kristendom er ein betre teori enn dei alternative teoriane, t.d. naturalisme som truleg er det beste ateistiske alternativet. Eg vil seinare sjå på nokre grunnar til dette. 

mandag 14. mars 2016

Gjer filosofi til skulefag

Opprinnelig publisert i Vårt Land laurdag 12.03.

I USA liknar valkampen meir enn nokon sinne på reality-tv, ikkje minst grunna nettopp ein reality-tv-kjendis, Donald Trump. Frå norsk perspektiv kan vi sjå på det med skrekkblanda fryd, eller kanskje berre skrekk. Det verkar utenkeleg at ein bøllete populist med total mangel på argumentasjon og saklegheit kan bli president i verdas mektigaste land. Men i den samanheng er det interessant å tenke på om det same kunne skjedd i Noreg ein gong i framtida. Eg trur at om det ikkje blir så ekstremt, så blir vi likevel likare USA i den offentlege debatten, om enn veldig sakte. Eg trur også at vi kan gjere noko for å hindre at norsk politikk blir prega av personangrep framføre god argumentasjon. Mi løysing er: innfør filosofi som obligatorisk skulefag.

Eg reknar med mange vil sjå på meg med forvirring for å presentere ei slik løysing på problemet. Å lese Platon og Descartes på skulen hjelper vel ingen med noko anna enn å bli litt meir skuleleie. Men eg meiner heller ikkje at 10.klassingane skal sitte og lese Descartes, for det ville nok vere lite hensiktsmessig. Filosofi er nemlig meir enn tørre bøker, filosofi handlar om dei mest grunnleggande kunnskapane og verktøya. Ein kan aldri fullt ut forstå andre disiplinar utan kunnskap om filosofi, for alle andre disiplinar har eit filosofisk fundament, det gjeld naturvitskap så vel som samfunnsfag og språkfag. I mellomalderen måtte alle studentar lese gjennom logikken til Aristoteles før dei kunne gå vidare på andre studiar, nettopp fordi logikken er eit nødvendig reiskap for alle desse andre studiane.

Og her er vi ved kjernen: det er ingen som lærer skikkelig kva som er god argumentasjon og kva som er logisk gyldige utsegner på den norske grunnskulen. Ein lærer ikkje forskjellen på deduktiv og induktiv logikk eller forskjellen på korrelasjon og kausale relasjonar. For mange vil nok dette høyres teknisk ut, men dette er eigentleg kjempeenkle ting å lære, du kan finne eit drøss med gode YouTube-videoar som forklarer dette grundig på 5 minutt. Då er det merkeleg at skulen, som tross alt brukar tid på å lære elevane om dei kjemiske prosessane i batteri, ikkje skal kunne lære elevane sine dette, som ikkje berre er sentralt i all argumentasjon, men også vitskap og endåtil i kvardagslivet. Og ikkje minst, om fleire hadde hatt kontroll på desse tinga, hadde truleg Trump hatt mindre popularitet (sjølvsagt skal eg ikkje åleine skulde på manglande kunnskap, men ein kan ikkje ignorere det faktum at argumentasjonen hans burde vere svært enkel å gjennomskode).

 Ein lærer nok at ein ikkje bør gå til personangrep i norsktimane, men i eit fag som i stor grad handlar om å skrive gode tekstar kan ofte noko av saklegheita ofrast for litt patos. Det er difor naudsynt med eigne timar om korleis drive god argumentasjon. Dessutan er norskfaget, som ofte får ansvaret for å lære folk å argumentere, allereie fullpakka nok som det er. I norsk skal ein lære å skrive artiklar, noveller og essay,  drive setningsanalyse, grammatikk, litteraturhistorie, kulturhistorie, språkvitskap etc. Norskfaget er så stort at det hadde hatt svært godt av å bli snevra inn ein god del. Filosofi kan trygt ta delar av den jobben og dermed slå to fluger i ein smekk.

Å ha eit eige fag om argumentasjon høyres kanskje ut som unødvendig bruk av tid i ein allereie pressa skulekvardag. Men filosofi handlar heller ikkje berre om argumentasjon, sjølv om det er noko av det mest grunnleggande ved filosofien. Det handlar nemleg også om å kunne bruke argumentasjonen og logikken til å finne sanning og å avsløre feil og bedrag.  Det handlar om å få ei forståing av kva som er gode teoriar og haldningar, innan politikken, vitskapen og religionen. Det handlar om at ein kan ha debattar mellom kristne og ateistar der begge forstår kva den andre faktisk trur på, og ikkje antar at den andre berre er kunnskapslaus. Debattar der ein kan lære av kvarandre og ikkje berre konkurrere om å rope høgast. Slike debattar finst sjølvsagt allereie, men det er noko alle burde kunne ha med kvarandre.


Eg trur filosofitimar for alle ville ført til ein meir respekterande, forståingsfull og sakleg samfunnsdebatt på alle områder, ikkje minst dei som no er mest prega av usaklegheit. Sjølvsagt blir det utopisk å tru at alle kjem til å alltid kome med velformulerte og gode argument og at kommentarfeltkulturen plutselig kjem til å bli som ei  brevveksling mellom Kant og Hume. Sjølv dei mest velutdanna filosofar har til tider vore svært usaklige og kranglete. Likevel trur eg det vil vere til nytte for alle og at det vil kunne gi større forståing i dei andre faga. Så i vissheit om at mitt ønske sannsynlegvis aldri blir oppfylt: Gjer filosofi til eit obligatorisk fag i grunnskulen!