onsdag 27. juli 2016

Stod Jesus opp frå dei døde? Del 1 - Historiske fakta

Frå: https://www.flickr.com/photos/waitingfortheword/6555083165 under CC-lisens



For å kunne vite om Jesus faktisk stod opp frå dei døde må vi sjå på kva vi veit av historiske fakta og kva forklaringar desse faktaa kan ha. Merk at eg i denne teksten ikkje antek at Bibelen er Guds ord, eller i sin heilheit sann, men referer til den som eit historisk dokument på lik linje med andre tekstar frå den tida (og på same måte som historikarar av alle trusretningar gjer). Eg vil starte med å sjå på nokre svært ukontroversielle historiske fakta og etterpå vurdere dei ulike forklaringane.. Desse fakta er:

  1.  Jesus vart krossfest og døydde
  2.  Jesus vart gravlagd og grava var seinare tom
  3.  Ei rekke namngitte personar (inkludert disiplane) hevda å ha sett Jesus etter hans død
  4.  Dei første kristne, inkludert  dei tidligare skeptikarane Paulus og Jakob, hevda at Jesus fysisk stod opp frå dei døydde
  5.  Mange tidlege kristne leid og døyde for trua si


Desse punkta er akseptert av så å seie alle forskarar på området. Kun punkt 2 har ei nemneverdig gruppe motstandarar hos historikarar, men det er veldig gode grunnar til å tru at Jesus vart gravlagd og at grava vart funnen tom. La meg likevel grunngi kvifor desse punkta er så sikre.

At Jesus vart krossfest er stadfesta av ei rekke kjelder frå samtida, både kristne og ikkje-kristne. Blant dei ikkje-kristne kan ein nemne den jødiske historikaren Josefus[1][2] og den romerske historikaren Tacitus[3], som begge bekreftar at Jesus vart krossfest av Pontius Pilatus. Dei kristne inkluderar Paulus, Markus, Matteus & Lukas, Johannes med fleire, alle skrive i løpet av det første århundret. Det bør også nemnast at dei kristne hadde ingen grunn til å dikte opp ei korsfesting, ettersom det vart rekna som den minst ærefulle måten å døy på, og med andre ord var noko dei absolutt ikkje forventa av Messias. Så vil kanskje nokon hevde at Jesus kan ha overlevd korsfestinga. Det ville i så fall vere eit like stort mirakel som at han stod opp, for forsking viser at det ikkje er mogleg å overleve ei korshenging.[4] Dessutan var romarane erfarne med dødsstraff, så om nokon skulle ha overlevd ville dei fort ha drepe han. (Sett at han skulle ha overlevd korshenginga ville det vel dessutan vore lite sannsynleg at nokon skulle komme til å tilbe han, ettersom han då ville likne meir på roten kjøttdeig enn noko guddommeleg).

Som nemnt er det altså større ueinigheit om grava var tom, men omtrent 75% av det relevante forskarmiljøet aksepterer dette punktet.[5] At grava vart funne tom er nemnt i alle evangelia[6] og dessutan implisert i 1. kor 15, som er ei tidleg kristen truvedkjenning som truleg stammar frå dei første fem åra etter Jesu død[7]. Med andre ord hevda dei eldste kristne kjeldene at grava var funne tom. Dei seier også at Jesus vart gravlagd i ei grav i Jerusalem som tilhøyrte Josef av Arimatea, som var ein del av jødanes eldsteråd, deira høgaste organ. Det er svært usannsynleg at dei kristne kunne ha dikta opp noko om ein så kjend person, for då ville jødane enkelt kunne protestert. Likevel finn ein ingen som protesterer på at grava var tom i den tidlege debatten mellom kristne og ikkje-kristne. I staden kjem dei med ein teori om at disiplane stal liket, noko som betyr at dei aksepterer at grava var tom.[8] Av dei viktigaste grunnane til at dei fleste historikarar aksepterer at grava var funnen tom, er det at det var kvinner som fann den tomme grava. På den tida vart ikkje kvinner sett på som truverdige vitner[9], og dersom evangelieforfattarane skulle dikte opp historia om den tomme grava ville det vert svært kontraproduktivt å dikte opp kvinner som dei første vitna. Nettopp det at kvinner var dei første vitna blir faktisk brukt som argument mot kristendommen av jøden Celsus på 100-tallet.[10]

Punkt tre er vel så lite kontroversielt som det er mogleg å få det. 1. kor 15,3-7, som tidligare nemnt er den eldste delen av det nye testamentet, seier følgande:
«For først og fremst overgav eg til dykk det som eg sjølv hadde motteke,
at Kristus døydde for syndene våre, som skriftene har sagt,
at han vart gravlagd,
at han stod opp att tredje dagen, som skriftene har sagt,
og at han synte seg for Kefas og deretter for dei tolv.
Så synte han seg for meir enn fem hundre sysken på ein gong. Dei fleste av dei lever enno, men nokre har sovna inn. Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane. Og aller sist synte han seg òg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster.»
Denne overleveringa seier altså at Jesus viste seg for disiplane, Jakob (bror til Jesus), Paulus, og 500 menneske på ein gong. Ettersom dette stammar frå så kort tid etter det skjedde, og mesteparten av desse personane framleis lev når denne truvedkjenninga vart laga (og til dels også når Paulus skreiv den i korinterbrevet), er det all grunn til å tru at desse personane faktisk hadde ei oppleving av å sjå han.  Dette blir også støtta av dei andre bibelske kjeldene.

Kva så med den fjerde påstanden? Det er jo som sagt ganske tydelig at disiplane m.fl. hevda å ha sett Jesus kort tid etter hans døyd, men trengte det å vere ei fysisk oppstode og ikkje berre ei åndeleg oppstode? For det første bør det nemnast at i dåtidas jødedom trudde ein ikkje på åndeleg oppstode, men på fysisk oppstode. Når dommedag kjem skal alle kroppar reisast opp att fysisk, hevda dei, og ettersom disiplane var jødar er det liten grunn til at dei skulle tru på noko anna. Dessutan ser vi i skildringane i evangelia at dei presiserer at Jesus har ein fysisk kropp, t.d. står det i Lukasevangeliet «Sjå hendene og føtene mine. Det er eg. Ta på meg og sjå! Ei ånd har ikkje kjøt og bein, som de ser eg har»[11], like etterpå et den oppstandne Jesus fisk, som også er ein veldig fysisk aktivitet.

Også den tidlegare forfølgjaren av kristne, Saulus av Tarsus, betre kjent under hans kristne namn Paulus, hevda å ha sett den oppstandne Jesus, og at det var nettopp det som fekk han til å vende om frå forfølging til tru[12]. At han var motstandar og forfølgjar av den kristne kyrkja er dokumentert både i hans eigne brev[13] og apostelgjerningane[14] (skrive av Lukas).

Jakob, bror til Jesus, var også skeptikar medan Jesus levde, i likskap med dei andre brødrane til Jesus.[15] Etter Jesu døyd vart han truande og endåtil ein viktig leiar i kyrkja i Jerusalem. [16]Jakob er også nemnt i lista over menneske som den oppstandne Jesus har vist seg for i den tidlege kristne truvedkjenninga i 1. kor 15. I tillegg er ei av bøkene i NT, Jakobs brev, angiveleg skrive av Jakob.

At dei kristne vart forfølgde og drepne for trua si er også veldokumentert i kristne så vel som ikkje-kristne kjelder. Vi veit mellom anna at Jakob[17], Paulus og Peter[18] leid martyrdøyden. I apostelgjerningane er det mange skildringar av at apostlane lid for trua si. Den romerske historikaren Tacitus skriv at Nero avretta ei rekke kristne etter brannen i Roma (år 64), i første omgang dei som sjølv innrømde å vere kristne (nokre vart brent for å nyttast til «nattlig belysing»)[19].  I eit brev til keisar Trajan spør Plinius den yngre, ein romersk guvernør, om kva han skal gjere med dei som er skulda for å vere kristne. Plinius seier han har avretta dei som gjentekne gongar har innrømt å vere kristne, også når dei har blitt trua med straff, medan dei som nekta for å vere kristne, og «beviste» det ved å tilbe dei romerske gudane og forbanne Kristus vart sett fri. Trajan seier seg eining i denne metoden.[20]

No er denne teksten allereie altfor lang, og enda har vi ikkje kome lenger enn å påpeike nokre enkle fakta. Desse kan vel ha andre forklaringar enn at Jesus faktisk var Messias? Ein god del andre forklaringar har blitt foreslått og i neste tekst vil eg sjå på dei og vurdere kva som er den beste forklaringa på dei historiske faktaa.

Les del 2 her




[1] Flavius Josefus: Antiquities of the Jews, bok XVIII
[2] I denne teksten av Josefus blir Jesus omtalt som Kristus. I tillegg til nokre andre detaljar har dette ført til at historikarar meinar denne delen av teksten har blitt modifisert av seinare kopistar. Ein har seinare funne ein arabisk kopi av denne teksten som er meir moderat i omtalen av Jesus, og som ein reknar med ligg nærare originalen. Også her blir korsfestinga skildra.
[3] Publius Cornelius Tacitus: Annals, bok XV
[4] William D. Edwards, MD; Wesley J. Gabel, MDiv; Floyd E. Hosmer, MS, AMI (1986). On the physical death of Jesus Christ. JAMA vol. 255 nr. 11.
[5] Habermas, Gary R. & Licona, Micheal R. (2004). The case for the Resurrection of Jesus. Kregel Publications.
[6] Matt 27,57-28,10; Mark 15,42-16,8; Lukas 23,50-24,12; Joh 19,38-20,10
[7]  Wolfhart Pannenberg, Jesus—God and Man translated Lewis Wilkins and Duane Pribe (Philadelphia: Westminster, 1968) p. 90; Oscar Cullmann, The Early church: Studies in Early Christian History and Theology, ed. A. J. B. Higgins (Philadelphia: Westminster, 1966) p. 66–66; R. E. Brown, The Virginal Conception and Bodily Resurrection of Jesus (New York: Paulist Press, 1973) pp. 81; Thomas Sheehan, First Coming: How the Kingdom of God Became Christianity (New York: Random House, 1986) pp. 110, 118; Ulrich Wilckens, Resurrection translated A. M. Stewart (Edinburgh: Saint Andrew, 1977) p. 2; Hans Grass, Ostergeschen und Osterberichte, Second Edition (Gottingen: Vandenhoeck und Ruprecht, 1962) p. 96. Referert på wikipedia (https://en.wikipedia.org/wiki/1_Corinthians_15#Resurrection_of_Jesus:_1-11), lasta ned 14.07.2016
[8] Denne teorien blir nemnt i Matteusevangeliet (Matt 27,64; 28,12-15). Jøden Trypho brukar den òg i debatt med den kristne apologeten Justin Martyr sjå: Schaff, Phillip (1885): Ante-Niceen Fathers Vol. 1. Dialogue of Justin, Philosopher and Martyr, with Trypho, a Jew.
[9] Flavius Josefus: Antiquities of the Jews, bok IV
[10] Origenes Adamantios: Contra Celsus. Bok II
[11] Luk 24,39
[12] Apg 9,1-9; 1. Kor 15,8; Gal 1,12-16
[13] 1. Kor 15, 9; 1. Gal 1,13-14; Fil 3,6
[14] Apg 7,58-8,3; 9,1-2
[15] Mark 6,3-4; Joh 7,5
[16] Apg 15,12-21; Gal 1,19
[17] Flavius Josefus: Antiquities of the Jews, bok XX
[18] Clement av Roma: The first Epistle of Clement to the Corinthians; Quintus Septimius Florens Tertullianus: Scorpiace
[19] Publius Cornelius Tacitus: Annals, bok XV
[20] Plinius den yngre: Letters. 10.96-97

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar