søndag 21. august 2016

Stod Jesus opp frå dei døde? Del 2 - forklaringar

I førre tekst såg eg på fem punkt, og kvifor desse er rimelig ukontroversielle historiske fakta. Desse punkta er:

  1.   Jesus vart krossfest og døydde
  2.  Jesus vart gravlagd og grava var seinare tom
  3.  Ei rekke namngitte personar (inkludert disiplane) hevda å ha sett Jesus etter hans død
  4.  Dei første kristne, inkludert  dei tidligare skeptikarane Paulus og Jakob, hevda at Jesus fysisk stod opp frå dei døydde
  5.  Mange tidlege kristne leid og døyde for trua si

Kva teoriar kan då forklare desse fakta? Eg skal gå gjennom flest mogleg av teoriane som har blitt presentert, og vurdere om dei fungerer. Nokre av dei er så pass dårlege og lite brukte at eg ikkje brukar mykje tid på dei, medan andre er verdt litt grundigare gjennomgang. Her er teoriane:

Jesus overlevde krossfestinga
Tanken er altså at Jesus ikkje døydde under krossfestinga, klarte å rømme og vise seg for disiplane sine. Dette er av logiske grunnar ikkje ein særleg populær teori. Som nemnt i førre tekst viser forskinga at å overleve ei krossfesting er praktisk talt umogleg. Ein artikkel publisert i Journey of American Medical Association konkluderar slik: «Accordingly, interpretations based on the assumption that Jesus did not die on the cross appear to be at odds with modern medical knowledge[1] Om han på mirakuløst vis skulle ha overlevd ville det uansett ikkje forklart mykje. Disiplane ville neppe ha skildra ein torturert, svak og sterkt såra Jesus som oppstanden, langt mindre tilbedd han og døydd martyrdøden for han. Paulus og Jakob hadde ingen grunn til å bli overbevist over ein langt svakare Jesus enn han dei allereie visste om. Dermed forklarar i grunnen teorien ingenting, anna enn, i beste fall, den tomme grava.

Historia om Jesu oppstode vart dikta opp lenge etter Jesu død
Denne er fort gjort å avvise. Dei eldste kjeldene vi har viser at disiplane sjølv trudde på Jesu oppstode. 1. kor 15, som truleg er frå dei første fem åra etter Jesu død, er tydeleg på dette. Dette forklarar heller ikkje den tomme grava, eller omvendinga til Paulus og Jakob.

Historia om Jesu oppstode vart dikta opp av disiplane
Denne teorien blir ofte kombinert med påstanden om at disiplane stal liket frå grava, og dette er truleg den eldste skeptiske innvendinga. Den blir derimot lite brukt av skeptiske fagfolk i dag. For det første gjekk disiplane frå å vere pysete, svake og gøyme seg når Jesus vart krossfest, til å bli ivrige forkynnarar etter den påståtte oppstoda. Kvifor skulle ei historie dei sjølv fabrikkerte og med andre ord ikkje trudde på føre til dette? I tillegg er det svært usannsynleg at dei skulle vere villige til å gå i døden for noko dei visste ikkje var sant. Mange er villige til å døy for ei løgn dei trur på – ingen vil døy for ei løgn dei sjølv veit ikkje er sann. Det er også svært usannsynleg at ei oppdikta historie skulle klare å omvende Paulus og Jakob som nettopp var skeptiske til den kristne trua fordi dei trudde det var ei oppdikta historie.

Disiplane forveksla ein annan med Jesus
Dette kan vel ikkje seiast å vere ein veldig seriøs teori. Om nokon skulle suksessfult klare å lure disiplane til å tru at han var Jesus, måtte disiplane ha hatt ei sterk forventing av at Jesus skulle stå opp frå dei døde, noko som er tydelig at dei ikkje hadde. I tillegg er det vel rimelig usannsynleg at han skulle klare å lure Jesu eigen bror Jakob. I tillegg viser Jesus hola i hendene og føtene til disiplane. [2]

Hallusinasjonsteorien
Når disiplane trudde dei såg Jesus var det eigentleg berre ein hallusinasjon, kanskje var dei påverka av alkohol? Denne teorien er også høgst problematisk. For det første er hallusinasjon nesten alltid kun ein-sanseleg, typisk er det noko du ser. Alle skildringane av dei opplevingane disiplane og Paulus hadde viser at fleire sansar er involverte. Disiplane både såg Jesus, høyrte han og tok på han. [3] Eit enda større problem er at hallusinasjon er eit individuelt fenomen, medan det er grupper av personar som opplevde å møte Jesus (alle disiplane på ein gong, Emmaus-vandrarane, Paulus med reisefølge, Jakob og 500 på ein gong).[4] Gruppehallusinasjonar er ekstremt sjeldne, og førekjem berre under visse forhold, m.a. må det vere ei forventing av at noko skal skje, ei oppglødd stemning, og dei som hallusinerer må gjerne ha blitt informert om kva dei skal sjå på førehand. I tillegg vil det vere store variasjonar i kva folk hallusinerer[5]. Disiplane hadde inga forventing om at Jesus skulle stå opp frå dei døde, i staden ser vi at dei først ikkje trur på Maria Magdalena, Peter og Johannes når dei seier kva dei har sett[6], og at dei først ikkje kjenner igjen Jesus når dei møter han. [7] Disiplane var dessutan ikkje oppglødde, men sørgande.[8] Det største problemet er nok at Jesus viste seg for mange folk på forskjellige stadar. At ulike folk skal ha hatt same hallusinasjon i ulike situasjonar er praktisk talt umogleg. Det er dessutan svært problematisk å hevde at Paulus og Jakob skulle ha hatt ein slik hallusinasjon ettersom dei sjølv var skeptiske til dei kristne. Hallusinasjonar forklarar heller ikkje den tomme grava.

Kognitiv dissonans
Kognitiv dissonans er eit psykologisk fenomen som består av at ein nektar å gi opp ein truspåstand sjølv om den blir møtt med harde motbevis. Dette kan typisk skje når ein har ei svært sterk forventing til noko, som så ikkje skjer. Tilsynelatande kan dette passe bra for å skildre disiplane: dei hadde ei sterk forventing om at Jesus var Messias og skulle frelse Israel, og vart dermed svært skuffa og overraska når han døde. Teorien har likevel klare problem. For det første verkar det usannsynleg at så mange skal ha opplevd ein så sterk kognitiv dissonans, som dei i tillegg er villig til å døy for. Eit større problem er at det ikkje forklarar kvifor dei trudde Jesus stod opp frå dei døde, ettersom det ikkje var noko verken jødar eller heidningar trudde var mogleg i samtida.[9] Og om dette skjedde, kvifor kom ingen liknande påstandar når andre påståtte Messias-ar døde? Det var ingen mangel på folk som påsto dei var Messias i tida før og etter Jesus levde, men alle andre mista alle sine følgjarar når den påståtte Messias-en døde. [10] Kognitiv dissonans kan heller ikkje forklare korleis skeptikarane Paulus og Jakob såg den oppstadne Jesus, eller den tomme grava.

Kombinasjon av fleire teoriar
Ein del moderne skeptikarar foreslår ein kombinasjon av desse teoriane som ei løysing på problemet. Det er derimot ganske problematisk. For det første så må alle teoriane du kombinerer vere moglege og sannsynlege forklaringar, noko vi har sett dei ikkje er. For det andre blir den heilheitlege teorien enda meir usannsynleg når du kombinerer fleire teoriar, på same måte som det er meir usannsynleg å få 4 seksarar på rad enn å få ein seksar når ein kastar terning. I tillegg kan ein også bruke Ockhams barberkniv på denne teorien. Ochams barberkniv er eit prinsipp som seier at den teorien som er enklast (har færrast antakingar) er den beste (som hovudregel). Ein teori som antek både at liket vart stelt, gruppehallusinasjon, kognitiv dissonans etc. er heilt klart ikkje ein enkel teori.

Jesus var eit romvesen
Hehe. Denne la eg berre til fordi den er morosam. Om nokon faktisk trur at Jesus var eit romvesen, ta gjerne kontakt med meg.

Jesus stod opp frå dei døde
File:The resurrection day .jpgKanskje var det sant det disiplane såg, kanskje var det faktisk den oppstadne Jesus. Dette er den einaste teorien som kan forklare alle dei fem nemnte punkta. Den gir også meining i konteksten; Då var Jesus den han sa han var og det dei første kristne sa stemde. Då stemde dei gamle-testamentlege profetiane som Paulus og evangelistane refererer til. Men er ikkje denne teorien den minst sannsynlege, ettersom mirakel alltid er den minst sannsynlege forklaringa? Ikkje dersom vi opnar for at Gud faktisk kan eksistere. Dersom vi hevdar at det er umogleg at Gud eksisterer vil dette sjølvsagt vere ei totalt usannsynleg forklaring. Men dersom du seier at det i det minste er ein reel moglegheit, så er dette den mest koherente forklaringa. Og då er det kanskje verdt å utforske Jesus litt nærmare?




[1] William D. Edwards, MD; Wesley J. Gabel, MDiv; Floyd E. Hosmer, MS, AMI (1986). On the physical death of Jesus Christ. JAMA vol. 255 nr. 11
[2] Luk 24, 36-42
[3] Joh 20,27; Luk 24, 36-42
[4] 1. kor 15; Luk 24
[5] Zusne, Leonard & Jones, Warren H.: Anomalistic Psychology: A Study of Extraordinary Phenomena of Behavior and Experience
[6] Mark 16, 9-12;
[7] Luk 24, 13-42
[8] Mark 16,10
[9] Aeschylus: Eumenides; http://plato.stanford.edu/entries/afterlife/
[10] T.d. den mest innflytelsesrike, Simon Bar Kokhba, kan lesast om her: https://en.wikipedia.org/wiki/Bar_Kokhba_revolt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar