Religion. Eit ord alle trur dei veit kva betyr, men ingen
klarar å forklare. Sjølv om omgrepet nok har noko for seg, trur eg det er
fleire problem med måten det blir brukt på i det daglige.
Det opplagte problemet er jo at det er så vanskeleg å
definere. Kan vi definere religion berre utifrå innhald? Då vil vi nok streve
med å finne eit innhald som er felles for alt det vi til dagleg tenker på som
religion, utan også å omfatte ting vi ikkje kan kalle religion. Kan vi definere
det utifrå funksjon? Det vil i så fall fort bli ein litt tom definisjon som i
grunnen kan romme mykje forskjellig. Dei beste definisjonane vil kanskje prøve
å kombinere dei på eit eller anna vis, men ein perfekt definisjon må vi nok sjå
langt etter.
Noko eg ser på som eit større problem er at mange ser ut til
å bruke religion som ein homogen størrelse. Med andre ord behandlar ein
religionar som om dei er nokolunde like fenomen. Særleg er dette tydelig i
religionskritikk, som ofte snakkar om «ekstrem religiøsitet» som noko som vil
ha like konsekvensar uansett kva religion du tilhøyrar. Men det er ganske stor
forskjell på å vere sterkt overtydd om at verda går under om ein ikkje ofrar menneskjer
og at ein er forplikta til å elske sin neste. Når kristne ikkje drep
ikkje-truande er det ikkje fordi dei har eit liberalt forhold til Bibelen,
eller ser på trua si som sekundær. Det er fordi det ikkje er i tråd med
klassisk kristen tru. Sjølv om ikkje alle kristne i historia har fått med seg
det.
Eit siste problem, som truleg blir tenkt lite over, er at
religionsomgrepet kan skape eit kunstig skarpt skilje mellom religiøse og
ikkje-religiøse. Det er ikkje nødvendigvis slik at ein kristen og ein shintoist
har meir til felles enn ein kristen og ein ateist. Enten det gjeld verdssyn,
levemåte eller etikk. For romarane var kristendommen så forskjellig frå den
romerske religionen (særleg sidan dei ikkje dreiv ofring) at kristne vart kalla
ateistar. Det herskar framleis usemje om kor vidt Buddhisme er ein religion
eller «berre» eit livssyn. Når livssyn er noko alle har, og det finst minst like
store forskjellar mellom forskjellige religiøse livssyn som mellom religiøse og
ikkje-religiøse livssyn, så er det kanskje kunstig å gruppere dei slik i det
heile? I alle fall når ein ikkje har ein klare definisjon på kva som er eit
religiøst livssyn.
Religion er eit omgrep som blir brukt omtrent slik brukaren
sjølv ønskjer. Det kan vere eit problem når ein ønskjer konstruktiv diskusjon
mellom folk med ulike livssyn. For religionskritikarar kan religion bli eit
negativt samleomgrep for alle dei er ueinige i. For visse nyreligiøse retningar
kan det brukast for å framstille ulike livssyn som likare enn dei er.
Religionsomgrepet kjem ikkje til å forsvinne med det første, men lat oss i det
minste vere observante på desse svakheitene det har.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar