tirsdag 6. juni 2017

Liding - nokre kristne refleksjonar


Få filosofiske og teologiske problem er meir diskutert enn spørsmålet «kvifor skjer vonde ting med gode menneske». Eg har ikkje tenkt å prøve å svare på det spørsmålet i denne teksten, det får heller bli ein annan gong. Dette er ikkje eit forsøk på argumentere for eller forsvare noko, men heller enkelte refleksjonar som kanskje kan vere til nytte for å betre forstå liding frå eit kristent synspunkt.

Job – urettferdig liding
I det gamle testamentet er det ei bok som heite Job. Den handlar om ein mann ved namn Job som «var ein from og rettskaffen mann som frykta Gud og heldt seg borte frå alt vondt» (Job 1,1). Så misser Job alt han har: dyra, tenerane og ikkje minst borna sine og han får oppleve store fysiske smerter. Då byrjer Job å klage på kor vondt han har det, og kor urettferdig det er, med lystige fraser som denne:
«Om berre bøna mi vart høyrd,
            om Gud ville oppfylla mitt håp!
  Om han berre ville knusa meg,
            lyfta handa si og gjera ende på meg!» (Job 6,8-9)
Så kjem nokre venar av Job, som fortel han at han må slutte å klage, og at han lid fordi han har gjort noko galt, og at Gud straffar han. Mesteparten av boka er veksling mellom Job som hevdar han ikkje fortener denne straffa og vennane som hevdar at han ikkje ville ha lidd om han ikkje hadde fortent det. Etter lange diskusjonar kjem plutseleg Gud og talar til Job. Gud seier først og fremst at han er mektigare og veit mykje meir enn Job og at Job ikkje forstår korleis verda fungerer. Men det som er interessant er at Gud (etter å ha irettesett Job litt) velsignar Job og blir sint på vennane hans. For dei har tala usant om Gud, og det har ikkje Job. Deretter får Job mykje husdyr og søner og døtrer og alt blir bra (ein interessant detalj er at Job gir arverett til døtrene sine på lik linje med sønene, er Job verdas første feminist? ;))

Så kva kan vi eigentleg lære av Jobs bok? Den gir i grunnen ikkje noko tilfredstillande svar på kvifor det skjer vonde ting med rettferdige folk. Men vi kan vite at det skjer, at vondskap kan ramme alle, uansett kor gode dei måtte vere. Og vi får lære at det er lov å klage til Gud. Vi kan kanskje aldri forstå heilt kvifor det skjer vonde ting, men det betyr ikkje nødvendigvis at Gud straffar oss. (Også finst der sjølvsagt tilnærmingar for å gjere det lettare å forstå, til dømes har den jødiske filosofen Maimonides ein interessant tolking av Jobs bok som forsøker å svare meir på det spørsmålet.)

Jesus – den lidande Gud

Ein av dei tinga som gjer kristendommen unik, er at Gud sjølv tek del i lidinga. Gjennom å bli menneske har Gud sjølv lidd, han har opplevd det same vi kjenner på. Kanskje løyser ikkje det nokon problem i seg sjølv, men at universets skapar har blitt menneske for å kunne forstå korleis vi har det må vel vere den sterkaste moglege forma for empati. I ein profeti om Jesus står følgande:
«Han var forakta, forlaten av menneske,
          ein mann av smerte, kjend med sjukdom,
          ein dei løyner andletet for.
          Han var forakta, vi rekna han ikkje for noko.
        
      Sanneleg, våre sjukdomar tok han,
          vår smerte bar han.
          Vi tenkte: Han er ramma,
          slegen av Gud og plaga.
        
     Men han vart såra for våre brot,
          knust for våre synder.
          Straffa låg på han, vi fekk fred,
          ved hans sår vart vi lækte.» (Jes 53,3-5)
Kanskje er dette ein djupare form for kjærleik enn det ville vore å utslette all liding umiddelbart? Uansett er det nok langt meir komplisert å gjere det enn vi ser for oss, men då er det jo ei trøyst at vi har ein Gud som bryr seg så mykje om oss, og som vi veit vil gjere det som er best for oss.

Guds løfte

Eit gjennomgåande tema i bibelen er at Gud skal ordne opp i all urettferd, og skape ei ny, perfekt verd utan liding. Dette ser vi tydeleg heilt på slutten av Bibelen:
«Sjå, Guds bustad er hos menneska.
           Han skal bu hos dei,
           og dei skal vera hans folk,
          og Gud sjølv skal vera hos dei.
           Han skal vera deira Gud.
        
        Han skal tørka kvar tåre frå auga deira,
          og døden skal ikkje vera meir,
          og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine.
          For det som ein gong var, er borte.» (Op 21,3-4)
Mykje er abstrakt og verkar rart i Johannes Openberring. Men det blir i alle fall ikkje lagt skjul på at alt skal ordne seg, alt skal bli bra. Det står at i denne perfekte verda, det nye Jerusalem, skal der ikkje vere noko tempel, for Gud skal bu hos menneska, og det trengst inga sol, for han skal lyse opp.


Vi er ikkje på den nye jorda enda. Vi er på den ei jord som dessverre har mykje vondskap og liding. Men som kristne har vi all rett til å reagere på det, på å klage på at det er urettferdig, og ikkje minst til å gjere noko med det. Og så kan vi også vite at Gud er med oss i all vår liding, at han veit korleis vi har det og at han vil gjere noko med det, når tida er rett. Kanskje forstår vi ikkje alt, kanskje synest vi fortsatt at Gud er fråverande og urettferdig. Og det er greitt. Det er i bibelen og kyrkjehistorie tydelig at det er rom for slike tankar, og det er kanskje like viktig som å komme med gode svar på problemet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar