fredag 14. juli 2017

Kunsten å lytte

NRK viste i går at berre om lag halvparten av festivalpublikum går på festivalar for musikken sin del. Nesten like mange er der for det sosiale sin del. I og for seg sjølv er det ingenting i vegen med at folk vil bruke ein slik arena til å vere sosiale, men eg trur dette representerer ein mangel i det norske folks forhold til musikk.

Sjå for deg at du var på kunstutstilling, og inn kom ein ung vennegjeng. Dei går litt rundt omkring i rommet, drikk nokre ølboksar kvar, snakkar høglydt og bryr seg påfallande lite om kunsten. Etter å ha tatt ein selfie ved eit Rembrandt-måleri går dei tilbake til ein lang, og tydeligvis veldig morosam, intern samtale. Du ville antakeleg synest dette var ganske respektlaust, eller i det aller minste veldig rart. Men sjølv om det er satt på spissen, er dette ikkje uvanleg oppførsel på konsertar, utan at vi reagerer nemneverdig på det. Kvifor er musikken den kunstforma det skal vere så mykje mindre respekt for enn andre kunstformer?

Kanskje er det ikkje så eintydig negativt. Grunnen er nok ganske enkelt at musikken har klart det dei fleste andre kunstformer ikkje har klart - å nå fram til heile folket. Då er det naturleg at dei høgkulturelle normene også forsvinn. Det trur eg kan vere ein god ting. Musikken bør opplevast som noko lett tilgjengeleg, og ikkje noko heilagt som ein må vaske seg på føtene før ein møter. Samtidig betyr ikkje det at det er likegyldig korleis vi forheld oss til den.

Hovudproblemet er ikkje publikumskulturen på festivalar, men måten vi lyttar til musikken på. Vi høyrer på musikk når vi trenar, jobbar, vaskar; mange har til og med ei eiga speleliste med sovemusikk. Men kor ofte set vi oss ned og høyrer på eit album eller ein symfoni, berre for å høyre på den, og utan å gjere noko anna samtidig? Med mindre du er spesielt interessert, er svaret truleg ganske sjeldan. Musikk har for mange blitt noko i bakgrunnen, noko sekundært. Men for å vere eit godt publikum og ein god lyttar må vi sette musikken i framgrunnen, og vere aktive lyttarar.

Musikk er spesielt i det at publikum har stor påverknadskraft. Det er lyttarane meir enn musikarane som bestemmer kva slags musikk som skal overleve og kva som skal døy ut. Men når lyttarane har så stor påverknad på den musikalske utviklinga, iallfall innan populærmusikken, bør dei også vere bevisste på kva dei høyrer på – og kva dei likar. Apati er like farleg for musikken som for demokratiet.

Dessutan trur eg ein vil oppleve ei langt større glede når ein byrjar å høyre meir aktivt på musikken. På same måten som ein bør ta seg god tid, og full konsentrasjon, for å nyte eit godt måltid eller ei vakker utsikt, er det også med musikken. Jo meir ein fokuserer på den, jo djupare blir opplevinga. Kanskje oppdagar ein heilt nye ting, ei fiolinstemme ein aldri har tenkt over før?

Korleis kan vi så bli meir aktive lyttarar? Jo, det er ganske enkelt eigentleg. Berre sett deg ned, legg vekk mobilen, og høyr gjennom eit album, eller berre ein song. Konsentrer deg fullt ut om musikken. Høyr på teksten, melodien, instrumenteringa, akkordane. Spør deg sjølv, likar eg dette? Kva er det eg likar/ikkje likar? Oppdag og nyt!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar